Hopi-nasjonen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 27-06-02


Dei eldste i Hopi-nasjonen har kome saman, og freista finna ut av teikna i
det tidsskiftet vi går igjennom. Dei har denne bodskapen til oss!

Hans Olav Brendberg, Hitra

De har sagt til folk at dette er ellevte time.

No må de gå tilbake og fortelja dei at timen har kome.

Dette bør de tenkja på:

Kvar bur de?

Kva gjer de?

Kva forhold har de?

Er det dei rette?

Kvar er vatnet dykkar?

Kjenn hagen din.

Det er på tide å tala om sanninga di.

Skap samfunnet ditt.

Vær gode mot kvarandre.

Og sjå ikkje utanfor rekkene dykkar etter Leiaren.

Dette kan vera rette tida.

Ei elv renn no, svært raskt!

Ho er så stor og stri at nokre vil vera redde.

Dei vil freista halda fast i breidda.

Dei vil kjenna det som om dei blir slitne i stykke, og dei vil lida mykje.

Men vit at elva skal til ein stad.

Dei Eldste seier at vi må sleppa tak i breidda, dytta frå ut i midten av
elva, halda augo opne og hovudet over vatn.

Sjå etter kven som er saman med dykk, og feira!

Dette er den stunda i historia då vi ikkje skal ta noko personleg. Minst av
alt oss sjølve.

For i den augneblinken vi gjer det, vil vår andelege vekst og reise stogga.
Tida for den einsame ulven er over. Kom saman! Kvitt dykk med ordet "kamp"
frå haldinga og ordforrådet dykkar.

Alt som vi gjer no må bli gjort på ein opphøgd måte, og i glede. Vi er dei
vi har venta på!

Dei eldste

Oraibi, Arizona

Hopi-nasjonen



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST