Meir nazionisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 26-06-02


Ein liten tilleggskommentar til

http://www.masada2000.org/selfhate.html

Om de går nederst på sida, er det ein peikar for dei som har mage til å sjå
fleire sjølvhatande jødar. Trykk på den, og du får eit knippe til, td. Uri
Avnery. Denne sida er vakkert illustrert - med ein giljotin øvst,
galgeløkker langs eine sida, og nederst eit bilete av ein sjølvhatande jøde
som endeleg har forstått konsekvensen av synet sitt, og hoppar ned frå ein
stol med løkka rundt halsen.

På mange måtar er "Der Stürmer" intellektuelt høgverdig i samanlikning -
sjølv om båe delar dreier seg om at det er litt for mange jødar i live her
på kloden. Men ein skal ikkje sjå bort frå at dei som står bak desse sidene
meiner alvor. I vinter gjekk det ut bilete av ein Shapiro frå New York som
hamna i hovudkvarteret saman med Arafat i Ramallah avdi han var friviljug på
ambulansar. Desse bileta førde til at familien hans måtte gå i dekning i
fleire veker. Å koma på listene til desse karane, som er godt organiserte,
er ikkje heilt ufårleg.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST