Exit Arafat

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 26-06-02


Exit Arafat - velkomen, kaptein Måneskin

I oktober 1881 vart den irske "Land League" erklært ulovleg, og leiaren
Charles Stewart Parnell vart sett i fengsel i Dublin. Før krisa sa Parnell
at britane måtte tinga med han, eller med "Captain Moonlight". Og kaptein
Måneskin - det var den århundregamle tradisjonen med anonyme gjengar som kom
ut or natta og terroriserte jordeigarar og kollaboratørar. Dei gjekk under
ulike namn - "Whiteboys" m.fl. - og sytte for ei konstant destabilisering av
samfunnslivet, slik at Irland for hundre år sidan var det landet i
Vest-Europa som hadde flest politifolk i høve til innbyggjartal, nesten ti
gonger så mange som England på same tid i høve til innbyggjartal.

Britane måtte sleppa Parnell ut igjen, og i 1886 røysta det britiske
parlamentet første gong over ei lov om "Home Rule", der Parnell var den
drivande krafta på irsk side. Dyktige britiske politikarar sytte for at lova
vart forkasta - og i 1891 døydde Parnell. Det var ikkje Parnell, men kaptein
Måneskin som dreiv igjennom "justice to Ireland". Dei siste hundre åra har
han med jamne mellomrom meldt seg, og sytt for at britane har fått lov til å
hausta fruktene av "sigeren" over Home Rule i 1886. Britane valde å tinga
med kaptein Måneskin - og har måtta betala ein rimeleg pris. Det er ikkje
anna å seia om den tingen.

Den amerikanske presidenten har no halde ein tale der han har kravd at
Arafat må bort. Arafat har sidan Oslo-avtalane hatt ei svært tvitydig rolle.
På den eine sida er han palestinarane sin valde leiar, og leiar for den
nasjonale motstandsrørsla gjennom ein mannsalder. På hi sida har han som
president for sjølvstyret hatt kollaboratørens arbeid med å syta for
tryggleik for okkupantar og ulovlege busetjarar. Vener av Palestina har vore
nøydde til å stø Arafat. Men samstundes er det ikkje tvil om at Arafat har
hatt ei moralsk tvilsam rolle.

No kjem USA og Israel til å fjerna Arafat. Vi må protestera mot dette - men
ikkje ha illusjonar om å stogga denne vegvalsen. Når Bush seier til Sharon
at han må trekkja styrkane ut - "and I mean NOW" - er det ein vits. For det
er Sharon som i denne saka er mektigast av dei to. Men når Bush seier at
Arafat må bort, har han Sharon på si side. Og då kjem det til å skje.

Vår plikt er å stø etterfølgjaren til Arafat. Og det er ikkje den
kollaboratøren som Sharon og Bush set inn i staden for Arafat. Han får
heller Hamas blåsa i lufta, om han blir for plagsam. Etterfølgjaren til
Arafat er allereide utnemnt. Det er gode, gamle kaptein Måneskin.

Palestinarane kan ikkje velja mellom krig eller fred. Det er Israel som har
makta, og kan velja mellom krig og fred. Dei har valt krig. Ikkje krig det
neste året, men krig dei neste tiåra. OK - vil dei, så vil dei. Det er ikkje
noko å gjera med det. Dei får be kaptein Måneskin til tingingsbordet, og sjå
kva avtale dei kan få. Om han ikkje kjem, kan dei i mellomtida eta krigens
frukter. Vi får ynskja dei ein rik haust.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST