Meir politikk & moral

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 18-06-02


Her kjem ein liten fabel om politikk&moral

Då Vona kom til Fridomslandet

Det var ein gong eit land langt borte som heitte Liberistan. I dette landet
herska kong Storefri, ein mektig konge som både var frykta og elska. I
Liberistan var skikken at folk skulle få gjera som dei ville, både godt og
gale, so lenge dei ikkje sette seg opp mot nokre av dei mektige sønene til
kongen. Dei mektige sønene var prins Ovund, prins Hat, prins Smiger, prins
Frykt , prins Vald og den mektigaste av dei – prins Likesæle. Medan folk
elska kongen sin, frykta dei fleste dei mektige prinsane, og sa ikkje i mot
makta deira for å unngå krangel og vanskar. Prinsane fekk difor rå for
landet som dei ville, og herska stort sett uforstyrra. Folk trøysta seg med
at dei fekk gjera som dei ville om dei heldt seg unna makta til prinsane. Og
kvar elles fekk du gjera både godt og gale som du sjølv syntest? Dessutan
kunne dei knapt gjera anna enn å slå seg til ro med tilhøva slik dei no
eingong var. Det einaste ein oppnådde med kritikk, var at prins Frykt la deg
i lekkjor, og sende deg ut or Liberistan til eit anna land som ingen eingong
turde nemna namnet på. Eller i verste fall at prins Vald banka på døra di.
Sidan ein kunne gjera både godt og gale, var det so som so med granneskapen,
og so vart ein ogso helst ståande åleine om ein protesterte på noko. For det
meste rådde det difor eit stabilt styre i landet.

So ein dag kom det ei prinsesse til landet frå eit land langt borte.
Prinsessa var særs lita – mindre enn ei teskei. Ho heitte prinsesse Vona, og
var noko av det minste dei hadde sett. Men om ho var lita, var ho ogso
strålande vakker – reint eit under var ho, og då ho kom vart ho mektig
populær. Rundt ikring i landet song dei om ”Vona Lisa, vesle flisa”, og folk
vart blanke i augo når dei tenkte på henne. Men Vona hadde ikkje budd lenge
i landet før ho byrja mistrivast og bleikna litt. Ho forsto ikkje nett kva
det var, men syntest lufta var tung å pusta i. So ein kveld såg ho at bonden
som ho budde hjå gjekk over til brunnen til naboen for å pissa. Då han kom
attende, spurde ho: ”Kvifor gjorde du det? Det er heslig å drikka vatn som
nokon har pissa i”. ”Men eg drikk det ikkje heller – det er det naboen som
gjer. Og her i landet er du fri til å gjera kva du vil, godt eller gale”.
Det var det verste Vona nokon gong hadde høyrt, og ho byrja lura på om ho
hadde noko i landet å gjera i det heile. Nokon burde i alle fall freista
gjera noko med alle uskikkane i landet. Ho fann tida inne til å reisa frå
bonden for aldri meir å koma tilbake, og gav seg ut på landevegen. Med
landevegen framfor seg pusta ho friare, og ho fekk mot til å reisa til
kongsgarden for å få gjort noko med dei dårlege skikkane.

Då ho hadde gått eit stykke, kom ein av prinsane ridande langs vegen på den
store, vakre hesten sin. Andre ville rømt vegen, men Vona kjende ikkje
skikkane der i landet so godt, og gjekk beint på. Prinsen stogga då han kom
fram til henne, og sette i med å le av den knøttlille skapningen som stod
midt i vegen framfor honom. Vona vart litt fortvilt av latteren – ho kunne
ikkje skjøna kva som var so låtteleg med henne. Difor spurde ho: ”Kven er du
for ein, og kvifor ler du slik av meg?”
 ”Hø, hø, hø”, hånflira prinsen. ”Kva anna skal ein gjera når ein møter
nokon som ikkje eingong når ein til knes, og som ikkje har hest slik at ho
må traska og gå på eigne føter. Forresten er eg prins Ovund, og du skal vera
glad for at eg let deg få lov til å gå etter vegen her. Det er det ikkje
mange andre som får.”
Vona kasta eit blikk på prinsen. Visst var han stor og staseleg – men ho
skimta noko usikkert i blikket hans. Og ho kjende på seg at ho burde nytta
det høvet dette usikre gav:
 ”Eg går der eg vil for deg. Du kan vera so stor du vil, og ri so fin hest
du vil, men makt med meg har du likevel ikkje. Kva skulle du kunna gjera
meg?”
”Eg kunne, eg.... – det er knapt nokon som har so mykje makt her i landet
som meg,” sa Ovund, utan at han høyrdest særleg overtydande ut. Han kjende
seg reint ut sagt litt veik og ikkje so lite avundssjuk medan han såg på den
modige og vakre vesle skapningen framfor seg.
 ”Det kan godt vera, men meg har du ikkje makt med, og difor kan du berre
humpa vidare på øyket ditt kor du no skal – og hugs at du i dag møtte nokon
som var mektigare enn deg, og at ho ikkje eingong rakk deg til knes,” sa
Vona, og gjekk uforstyrra vidare.
Prins Ovund sat forvirra att, og det gjekk ei stund før han kom seg til å ri
vidare. Leppa hang litt ned, og han kjende det gjorde vondt ein stad når han
tenkte på prinsessa. Ein tåre trilla nedetter kinnet, og han freista koma på
noko han kunne kjøpa for å verta i godt humør igjen.

Eit lite stykke lenger frametter vegen kom ein ny prins ridande. Han reid i
ei tung, svart rustning som gjorde honom usårleg, berre dei svarte augo og
det store skjegget hans syntest under hjelmen. Han kunne vore ein staseleg
mann, men hadde ei lut og dårleg haldning. Han var i eit muggent humør då
han plutseleg fekk sjå den vesle prinsessa som kom gåande rett mot honom.
 ”Kom deg ut av vegen, ditt mehe”, brumma prinsen.
Vona stokk; enno ein av desse trugande mennene. Ho kjende noko som klemde
mot bringa, men tok augemål av mannen på hesten. Blikket hans møtte ikkje
hennar, men såg mot eit punkt langt framom på vegen. Ho fekk freista ein
gong til:
 ”Eg går der eg vil for deg,” sa Vona. ”Og dessutan: Er dette nokon måte å
helsa framande på?”
 ”Eg helsar nett som eg vil – eg er prins Hat, og du har ikkje noko med å
stilla deg i vegen for meg, korkje du eller nokon annan”.
 ”Jau, det er nett det eg har tenkt å gjera, for deg er det synd på, og
nokon burde stilt seg i vegen for deg for lenge sidan,” sa Vona og heldt ein
spegel opp framfor prinsen. Då prinsen såg den store, stygge mannen med det
svarte blikket sette han i eit skrik, og galopperte vidare nedetter vegen.
 ”Berre eg ikkje skremde han for mykje”, tenkte Vona. ”Om han retta ryggen
og stelte seg litt, kunne han eigentleg verta ein staseleg mann. Men slik
det no er, ser han so forfallen ut. Men kanskje var det dette som skulle til
for at han skulle tenkja seg om.”

Eit stykke til frametter vegen møtte Vona endå ein prins som kom ridande
etter vegen.
”God dag, vakre prinsesse – eg har knapt sett noko so strålande vakkert som
deg nokon gong, du er som den strålande kveldssola når ho speglar seg i hav
og lette skyer. Større glede kunne eg knapt tenkt meg enn å møta deg på ein
kveld som dette. Kva kunne ikkje to så flotte menneske som oss utretta om me
gjekk saman for den gode saka i vårt frie kongedøme”, sa prinsen.
Vona kvapp – jo, her møtte ho ein mektig prins, skjøna ho. Her galdt det å
passa seg.
”God dag, prins Smiger”, sa ho. ”Brørne dine er knapt sopass at dei helsar
på meg, medan du mesta tek litt for godt i. Vel er eg vakker, men eg kan
ikkje måla meg med kveldssola når ho søkk i hav under lette skyer – det kan
ingen. Du skal ha takk for helsinga, men eg trur eg ventar litt med å gå i
kompaniskap med deg for den gode saka di – til det kjenner eg både deg og
saka for lite.”
”Å, vent ikkje – slike som du er fødde til å stri fram den gode sak. Motet,
venleiken og klokskapen din – alt dette er ting eg treng å ha med meg i den
gode strid. Eg trur eg veit kvifor du held igjen – eg trur du er redd for å
vera for lita til å duga. Men det er ikkje sant som dei seier, at du er so
lita. Når eg ser nærare etter, synest eg du er mesta like stor som anna
folk.”
”Nei, eg trur eg får gå vidare,” sa Vona. ”Vel kan det vera at eg er både
modig og klok, og vakker med – men stor er eg ikkje. Du får ha god tur
vidare”, sa Vona og vinka farvel til prinsen.

Då ho kom eit stykke til frametter vegen, såg ho endå ein prins som kom
henne i møte. Han var stor, med stikkande augo og eit stramt drag om munnen.
Over hesteryggen hang alle slags våpen lett synlege.
”Kva vil du her”, spurde prinsen.
”Er det nokon måte å helsa folk på – god dag, forresten”, sa Vona.
”Eg helsar som eg vil – og hadde eg vore deg, ville eg ikkje gjeve meg til å
kommentera korleis mektige folk som meg helsar”.
”Men so er eg ikkje deg, heller. Der eg kjem frå helsar folk på skikkeleg
vis.”
”Men so er du ikkje heime no, og eg har alt åtvara deg om at det neppe er
klokt å vera so framfus som du er”.
”Eg høyrer du åtvarar – men veit ikkje om eg har tenkt å leggja all verdas
vekt på det. Stort sett brukar eg å koma meg fram.”
”Det veit du ingenting om. Og for å seia det rett ut: Hadde eg vore deg,
ville eg no snudd på flekken og reist heim att”.
”Kvifor skulle eg gjera det, når eg har kome so langt? Nett kva er det eg
skal vera redd for?”
”Du er modig no, etter å kome forbi dei tre yngre brørne mine, men tru ikkje
at det er like enkelt å koma vidare. Framom deg ventar dei to mektigaste av
brørne mine – prins Vald og prins Likesæle – og enno har du ikkje kome forbi
meg.
”Men kva gale kan skje meg om eg held fram til kongsgarden”, spurde
prinsessa, ho tok til å verta litt uroa.
”Å, det kan vera mangt, det”, sa prinsen. ”Til no har du kunna snakka deg ut
av ting. Eg kan lova deg at det ikkje nyttar når du møter prins Vald. Hjå
honom har du ikkje noko å appelera til. Og om du so skulle koma forbi honom,
risikerer du enno å enda opp ute i den store myra til eldste bror min, prins
Likesæle.”
Vona sukka, men etter å ha tenkt seg litt om, sa ho likevel:
”Eg trur eg freistar lell. Det er berre to av brørne dine att, og skal eg
leva her i landet, har eg knapt anna å gjera.”
”Ja, berre gå du,” sa prins Frykt. ”Mange har gjort det før deg – dei er
alle gløymde no. Det er enkelt når ein er ung, som du er. Men du skal verta
gamal, du ogso. Då har du lite og ingenting gjort for å sikra deg. Tvert om:
Ved å vera so framfus, kan du vera viss på at mange gler seg om du vert
jekka ned nokre hakk. Men lykke på reisa!”
”Far vel”, sa Vona spakt då ho gjekk vidare.

Mange tankar byrja kverna rundt i hovudet til Vona. Og ho hadde ikkje før
vinka farvel til prins Frykt før ein ny og endå styggare prins kom henne til
møtes. Han hadde store arr i andletet, og han smilte skeivt medan han blotta
ein tanngard med fleire hol i. Blikket hans var litt plirande, men prinsen
ruva godt i salen.
”På tide å koma seg heim for små veikjor”, sa prins Vald medan han drog på
smilen.
”Eg hadde tenkt meg fram til kongsgarden til kvelds”, sa Vona. ”Forresten er
det ein god skikk å helsa på folk.”
”Berre hels du, men sjå til å koma deg heim no. Det byrjar verta myrkt. Om
du ikkje snur på flekken, skal du få med meg å gjera.”
”Eg har ikkje tenkt å gjera deg noko, berre å gå vidare det vesle stykket
til....” – lenger kom ho ikkje før prins Vald slo til henne med eit balltre
so ho flaug gjennom lufta og landa i grøfta eit stykke bortom. Det gjorde
vondt i heile kroppen, men ho reinska røysta og sa:
”Kvifor gjorde du det? Eg har ikkje gjort deg noko”, sa Vona.
”Det er på tide at du lærer deg å høyra på når vaksne folk snakkar til deg.
So, sjå til å pella deg heim!”
Vona kjende gråten i halsen, men gav seg likevel ikkje. Ho visste at ho var
fødd med ni liv som katten, og berre hadde brukt eitt før, då ho som lita
hadde ramla ut frå tårnet i slottet der ho vaks opp. Difor gjekk ho beint
på, medan ho beit tennene saman.
”Vel, det er ditt eige val. Eg kan ikkje finna meg i alt,” sa prins Vald,
og hogg henne i to med sverdet sitt.
”Eg trur eg skundar meg vidare”, sa ei røyst bak ryggen hans. ”Eg hatar å
bruka eit heilt liv på ein primitiv skapning som deg, men no måtte eg, om eg
skulle koma meg vidare. Eg er fødd med ni liv, og har berre sju att. Om eg
vert verande i ditt selskap, vil eg til slutt måtta gje meg – sjølv om eg
kan tola eit møte eller to. Ein skal ikkje utsetja seg for slikt meir enn
naudsynt ” sa Vona og sprang vidare.

Vona skolv litt då ho skimta den siste prinsen koma mot seg, veldig og svær.
Ho visste jo at Likesæla var den mektigaste av alle desse vonde prinsane, og
at det var ingen i landet som tora brytast med han.
Ho vart litt overraska då ho møtte det blide andletet hans. Han var ein
litt eldre mann med gråe stripor i skjegget og milde auga.
”God dag, vene Vona!” helsa han, og Vona helsa blidt attende.
”Du har vel aldri tenkt deg til kongsgarden, du? ” spurde prinsen. Han steig
av hesten og gjekk bort til henne som om han ville verja henne mot fåror med
sin eigen kropp.
” Jau, det tenkjer eg. Eg skuldar mange å gå heilt fram, no når eg er komen
so langt,” svarte Vona.
” Akk, for ei ulukke” klaga prinsen. ” Du har alt treft Ovund, bror min, då
du fyrst byrja gå din eigen veg. Du tykte ikkje han var ram då, men om du
går heilt fram til trona til kongen, vil han gjera deg venelaus. Då
risikerer du å stå åleine att i nye møte med Hat, Frykt og Vald, og denne
gongen kjenner dei deg og slepper deg ikkje so lett!”
Vona sette seg ned på ein stein i vegkanten. Ho vart litt bleik om nebbet då
ho tenkte over det han sa, men mota seg opp og sa:
” Det får gå som det vil med meg. Det viktigaste er at eg når fram og får
gjort noko med saka til alle desse ufrie som trur at herskardømet til
Storefri er det einaste dei kan få.”
Prinsen vart forfærd. ” Kjære deg, du snur alt på hovudet! Du har
misforstått heile kallet ditt, endå so verdfull du er . Det alle desse folka
vil, er ikkje anna enn å halda den vakre, vesle Vona si i live.
Dei ville aldri ha drøymd om å utsetja deg for slike fåror. Kva vil skje med
dei om du skulle bli borte?”
Vona vakla i sitt inste. Kunne det vera ho hadde bore seg dumt åt? Men so
kom ho på: Om ho berre vart eit vakkert bilete dei kunne trøysta seg med,
medan dei heldt på som dei før hadde gjort – då var jo alt like vonlaust. Då
kom ho til å bleikna bort slik ho gjorde hjå den bonden ho budde hjå fyrst.
”Eg trur eg går lell – det fær bera eller brista. Eg rår ikkje for korleis
dette vil gå til slutt – men kallet mitt kjenner eg likevel betre enn deg.”
Prins Likesæl trekte på skuldrene. ”Vel, vel – vi har alle vore unge ein
gong. Du fær berre gje deg i veg. Men om eg var deg, ville eg ikkje hatt alt
for mykje tru på oppdraget mitt. Du vil gjera desse folka frie – men trur du
det er det dei sjølve vil? Tru meg – ein dag vil du sanna mine ord om at
dette var spilt møde. Du kjem til å kasta perlor for svin”.

Med desse orda klingande i øyro gjekk Vona opp bakken til kongsgarden. Ho
kjende seg tom innvendig, og gret ein liten skvett. Men då tårone hadde
trilla ei stund nedetter kinnet såg ho sola nett då ho gjekk ned over åsane
i vest. ”Pytt san”, sa ho til seg sjølv, og turka vekk tårene. ”Litt
motstand må ein venta seg – og no er eg framme ved kongsgarden.” Ho gjekk
inn porten, og inn i sjølve kongsgarden. I den største salen sat den veldige
kong Storefri ved bordet sitt.

”God dag, vesle Vona”, sa kongen. ”Kva er det som har ført deg til trona i
mitt fridomsrike? Kva har utlendingar å fortelja kongen av sjølvaste
Liberistan?”
”At eg, Vona, må reknast som utlending i ditt fridomsrike trur eg eigentleg
tel som ein hard dom over kongedømet ditt. Eg er redd det ikkje er mild tale
eg har på hjartet i kveld.”
”Nei, kva er det du seier? Er det noko gale med kongedømet mitt? Finst det
nokon stad i verda der folk er friare, og kan gjera som dei sjølve vil –
både godt og gale?”
”Nei, det er ingen annan stad der folk har ein slik fridom. Men denne
fridomen er for stor, og ikkje målt mot det folk verkeleg treng. Eg er redd
dine eigne søner syner kor hard domen må verta over valspråket ditt: ”
ridom – til godt og gale”. Det bur mykje godt i dei alle – men dette gode
har aldri fått koma fram. Som alle bortskjemte ungar har dei ikkje fått
kritikk når dei har gjort noko gale – og resultatet har vorte at dei trur
all kritikk er eit uttrykk for hat. Og for å forherda seg mot eit hat dei
ikkje forstår, har dei utvikla sine verste sider: Ovund, hat, smiger, frykt,
vald og likesæle. Med dette som sine fremste eigenskapar terroriserer dei
folket i landet, slik at liberistanarane i praksis er det mest ufrie folket
eg har sett. Det einaste som er att av fridomslengten deira er den forkvakla
impulsen som fær ein bonde til å pissa i brunnen til naboen i pur vondskap –
sjølvsagt under dekke av valspråket ditt: ”Fridom – til godt og gale”. Eg er
redd domen over deg og styret ditt må verta hard. Men det er enno von for
deg – du kan snu no, og spara folket ditt for mykje vondt.”
”Det var då noko til utblåsing – eg ville sett pris på om du synte litt
folkeskikk, og la fram kritikken i ei sakleg og objektiv form. Men eg står
ved valspråket mitt: Fridom – til godt og gale, og skal vera overberande med
deg. Likevel er det du seier på mange punkt i strid med det lærde folk kan
fortelja om desse tinga. Her hjå meg har eg ekspertar på alle menneskelege
eigenskapar, og særleg dei seks du nemner: Ovund, hat, smiger, frykt, vald
og likesæle – som ikkje berre er fiendar for mitt kongedøme, men for alle
kongedøme det er naturleg å samanlikna seg med. Eg trur nok mine lærde vil
vera samde om at kritikken din er forenkla og litt banal. Men nok om det –
som den milde og fridomselskande herskar eg er, skal du få leggja fram saka
di beinveges for folket. Eg er faktisk viss på kva utfallet vil verta.
Folket vil verta kalla til samling på slottsplassen om sju dagar frå no. Då
skal du få leggja fram saka for dei, slik at folket sjølv kan døma.”

Dei sju dagane gjekk Vona ikring i kongsgarden og både gledde og gruva seg.
Det var ei friare steming i kongsgarden enn i landet elles – når sønene var
heime hjå far sin, oppførte dei seg betre enn når dei reid rundt på eiga
hand. Og i hoffet sitt hadde kongen lærde menn som las bøker om alle slags
menneskelege emne. Nokre av dei kunne vera hyggelege, og til og med mogleg å
snakka fornuft med. Men mange av dei skjøna ho lite av. Det verka knapt som
dei sjølve trudde på det dei sa, og det dei sa var i alle fall både
usamanhengande og av og til nokså fjernt. Men alle saman priste dei fridomen
i Liberistan.

Då dei sju dagane hadde gått, samla folket seg på slottsplassen. Kongen sat
på stolen sin høgt over plassen, medan sønene hans sat på festningsmuren til
venstre og såg ned på folket. Til høgre stod alle dei lærde mennene til
kongen. Midt framfor plassen hadde dei sett opp ein tribune for at alle
skulle få høve til å høyra det Vona hadde å seia.

Då stunda hadde kome, gjekk ho opp troppa og såg ut over forsamlinga. Det
gjekk eit sukk gjennom flokken. Aldri hadde ho vore so skinande, so
strålande vakker som no då ho stod der framme på tribunen, med synet fritt
mot folket og med kongen bak seg.

”Kjære liberistanarar”, sa ho.
”Det er ei alvorleg sak som har fått meg fram hit i dag. Og det er med tungt
hjarte at eg er nøydd til å leggja denne saka fram for dykk, for folket i
Liberistan. Eg veit de er eit fridomselskande folk – at de verdset fridomen
framfor noko anna. Men eg er likevel redd at de lever på ei lygn. Og den
lygna har dette landet som valspråk: Fridom – til godt og gale.

Men den som kjenner fridomen, veit at fridom ikkje er fridom til både godt
og gale. Rett nok kan alle gjera feil, eller koma til kort. Slik er
menneska. Men å gjera gale med vilje – det er ikkje fridom. For dei som vert
utsette for det, er det ufridom, tvang, ulukke og fortviling. Nokre av dykk
lever kan henda brukbart – men alle er de redde for å koma eit steg ned i
samfunnet, og bli utsette for den sokalla ”fridomen” dei mektige har til å
gjera gale. Og alle er de redde for kongens søner – dei prinsane eg møtte på
vegen hit, og som skræmer vatnet av dykk og held dykk nede i eit einsamt
tilvære der de har nok med dykk sjølve.

Difor seier eg dykk, liberistanarar: Dette samfunnet treng til stor endring.
Fridom – det er fridom til å gjera godt. Ein skal gjera godt mot både seg
sjølv og grannen, og slik gå fram mot stadig større fridom. Fridom, det er
god moral og gode seder. Og der det er god moral og gode seder – der er
fridomen sjølvsagt, og ingen treng gå rundt tause og i frykt slik de gjer.”

Det gjekk eit sukk gjennom forsamlinga. Nokre såg ned i grusen, andre opp på
prinsane som stod på den venstre festningsmuren. Andleta til prinsane var
heilt upåverka av talen. Nokre freista sjå opp på andleta til kongens lærde
menn, i von om at dei kunne få stadfest den kjensla dei hadde i magen etter
å ha høyrt på talen. Men også desse andleta var det uråd å tolka. Stemninga
byrja lyfta seg – men sidan alle var so usikre, vart det berre til at nokre
kremta litt. Ingen våga seg til å klappa eller jubla. Vona heldt fram:

”Difor, gode liberistanarar, bed eg dykk om å fylgja meg, og byggja eit nytt
land, og ei ny framtid for dykk og ungane dykkar. Eit land med gode seder og
god moral, der folk nyt fridomen til å gjera godt – og fruktene av det gode.
Lat oss gå ut porten, bort frå det gamle Liberistan med sitt: ”Fridom – til
godt og gale”. Lat oss byggja Moralistan!”

Det gjekk eit tungt sukk gjennom forsamlinga, og ingen gjorde teikn til å
fylgja då Vona gjekk ut porten. Kongen smilte der han sat på stolen sin. Det
han og alle på plassen visste var at det var barnelærdom for alle
liberistanarar at moralistar var noko av det verste som fanst. Det var folk
som trudde dei var betre enn andre, og som berre var ute etter å mjøla si
eiga kake. Dessutan var dei fiendar av fridomen. Talen til Vona hadde
punktert nett då han såg ut til å lyfta med seg forsamlinga, ut av kongens
famntak, ut av den kvelande trua på ”Fridom – til godt og gale”.

Det var berre Vona som ikkje visste dette. Og ingen av dei som stod på
plassen såg korleis tårone hennar rann då ho åleine gjekk ut gjennom porten
for å reisa bort frå Liberistan, bort til andre land der Vona kan henda
ikkje vart rekna som utlending.

Men heilt utan verknad hadde ikkje talen vore. På kvelden samla unge gutar
og veikjor som hadde vore på plassen seg til møte på eit loft på ein gard
nær kongsgarden. Dei skreiv ned talen hennar so ordrett som dei berre kunne.
Og dei skreiv ned alt dei kunne få vita om korleis Vona hadde kome forbi
alle dei seks prinsane på vegen sin til kongsgarden. I åra som fylgde hadde
dei ofte hemmelege møte der dei las høgt frå talen og sogone, diskuterte det
ho hadde sagt, og freista forstå kvifor ho hadde gjort som ho gjorde, og
sagt det ho sa. Og for det indre auget freista dei å halda på minnet om den
vesle, strålande vakre prinsessa som stod der høgt over folket og talte so
fritt og utvunge til dei som aldri nokon hadde gjort – før eller seinare.
Og dei freista lukka øyra sine til det vise kongelege rådet når dei heldt
nyårstalar om ”Fridom – til godt og gale” – dei ynskte ikkje å la minnet bli
flekka til av dette plumpe snakket.

Og so drøymde dei om at Vona ein dag skulle koma attende til Liberistan. Og
har ho ikkje kome, so drøymer dei vel enno.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST