under pari

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 16-06-02


Oddmund Garvik fylgjer opp tråden, og eg hengjer meg på. Eg ser heller ingen
grunn til å retusjera biletet av menneskeskapte klimaendringar, og eg har
følgt med Karsten sine jamne rapportar om ekstremt ver. Sjølv høyrer eg
mykje på vermeldinga - eg må i båt når eg skal på arbeid, og treng difor
gode og oppdaterte vermeldingar kvar dag. Det får eg mindre og mindre av.
Det siste er at det har kome framlegg om å kutta ut natt- og helgevaktene på
meteorologisk. Det vil i tilfelle tyda at fiskarar som skal ut måndags
morgon må gå på halvtanna døgns gamle vermeldingar. Då dei allierte gjekk i
land i Normandie i 1944 var Noreg den fremste meteorologinasjonen i verda. I
dag er vi i ferd med å bli eit reint u-land. Verradar investerer ein fleire
av på Austlandet, der det er sjeldan at folk set livet til på grunn av ver.
På Finnmarkskysten treng ein derimot ikkje verradar, må vita.

Men nok om det. Mi meining om veret dei siste åra er likevel at eg er
usikker. Lokalt er det lite som eintydig peikar mot endring i klimasystemet.
Eit par-tre periodar har eg registrert at polarfronten har gått over
Storbritannia/Frankrike når han normalt brukar gå her - med andre ord at vi
har hatt unormalt godt ver. I vinter hadde vi ein stormperiode i november -
slett ikkje unormalt - og etter det har det ikkje vore spesielt uroleg ver
(ein og annan storm, ja, men ikkje meir enn det). Og då peikar det seg ut to
periodar med unormalt og ekstremt ver:

1. Juni for to år sidan, då vi vanlegvis har stabilt ver, men vi i staden
fekk ein periode med omskifteleg ver med sterk storm som toppunkt.

2. Tidlegvinteren i fjor, då vi hadde ei veke med sterk kulde (15 grader) og
austaverskuling som toppunkt på ein periode med svært tørt og kaldt ver. På
det verste låg frostrøyken som eit skoddeteppe over sjøen, og det var fårleg
å vera ute i lange periodar - eg heldt på å frysa av meg hendene på ein tur
til arbeid.

Elles er veret som det er - svært skiftande.

I ein slik situasjon synest eg meteorologstanden gjer svært lite for å
opplysa oss alminnelege lekfolk kva vi har å forhalda oss til. Ikkje slik at
eg forventar fasitsvar og eintydige konklusjonar. Men litt kvalifisert
synsing må det då vera rom for?

Men under dette ordskiftet ligg det eit anna, og ikkje mindre viktig. Det er
ordskiftet mellom "optimistane" og "pessimistane". Eg kjøper ikkje Erling
Fossen sin optimisme. Fossen sviktar tydeleg når ein kjem til spørsmål som
krev konkret kunnskap, han formidlar eit verdsbilete og tankemodellar som
han sjølv ikkje er vaksen nok til å forsvara. Han er determinist på feil
stader: Naturen og klimaet kan vi måta til etter eigen vilje, medan
finansnettverka er urørlege. Fossen ler av spådomar som Setreng og andre kom
med tidleg på syttitalet - for tredve år sidan. Fossen skal vera glad om
spådomane hans ikkje er utdaterte om fem år. Og det er hovudinnvendinga mi
mot Fossen sin optimisme: Han krev tru på gudar som vil svikta før tiåret er
omme. Og legg difor grunnlaget for ein enno større pessimisme.

Men eg godtek heller ikkje Karstens Johansen pessimisme. I detaljar er det
sjølvsagt ikkje nokon grunn til å vera optimist. Men det har det vel aldri
vore. Den livsforma mine eigne foreldre vaks opp i, som var ei kulturelt og
økologisk rik livsform, er i dag smadra. For hundre år sidan hadde du eit
rikt, jødisk samfunn i Polen og Russland - det finst ingenting att av dette.
Livsformer og samfunn blir knust av historias tunge kvern. Eg kan ikkje dela
den grunne, optimistiske humanismen: Mennesket er berre delvis eit rasjonelt
vesen, og i lange periodar handlar vi kollektivt ut frå nokså innskrenka
målestokkar: Ego, frykt og utsikter til lettvinte fordelar. I sum tyder
dette at det av og til er "på han igjen" - det er berre idioti å tru at
menneska dreg varige lærdomar av katastrofar som td. siste verdskrig. Under
siste EU-strid var det ja-folk som i fullt alvor freista overtyda folk om at
hovudutfordringa i vår tid var å hindra krig mellom Frankrike og Tyskland.

Men på mange måtar er ligg det òg ei slags avklåring - og ei utfordring - i
at vi kjem ut or det sosialdemokratiet og etterkrigstidas lukkeland. Vi går
frå ein periode der vi til ein viss grad kunne få i pose og sekk, til ein
periode der alle val er med å avgjera sjansene i neste runde. Vi ser
oligarkiet festar grepet, vi ser jarnhælen trør dei som er i vegen ned i
grusen. OK - korleis handlar vi då? Er vi menn eller mus?

Og i slike periodar meiner eg Johansen pessimisme er feil standpunkt. Det er
når det verkeleg ruskar opp at ein dyktig kaptein er sikker, og lit på det
han sjølv, mannskapet og båten er god for.

Med andre ord er eg optimist. Ikkje avdi eg trur på framtida til
industrijordbruket, eller at genteknologi vil fø verda eller anna slik
idioti. Men avdi eg trur vi går inn i tider der mange av dei tinga vi har
rekna som sjølvsagt, og bygt tilværet på, vil ramla saman, unna for unna. I
slike tider har ikkje pessimistar noko å bidra med. Du er nøydd til å tru på
det som kjem etter, for å kunna bidra med noko. Altso: Plukk Olav Duun -
"Menneske og maktene" - ned av bokhylla. Ho kom - som Ronald Fangen si bok
om "Kristendommen og vår tid" - ut i 1938. Til rett tid, med andre ord. Med
ein annan slags optimisme.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST