røter og føter

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-06-02


Ungdom treng ingenting – dei trengst.

I etterkrigstida har vi gjort ei stor oppfinning – vi har funne opp ”
ungdomsproblem” av ymse slag. Hordar av folk har vore opptekne med å finna
ut kva ungdom treng for ikkje å hamna på skråplan eller trivast i bygda. Ein
har laga forskjellige slags teoretiske modellar og praktiske reformforslag
for å handtera desse problema. Ungdomsproblema på bygdene i Noreg er eit
like typisk utslag som rusproblem i storbyane.

Ein irsk forfattar som eg diverre ikkje har namnet på skreiv for ein del år
sidan ei bok som heitte ”Ballymurphy og den irske krigen”. Det er ei
historie om krigen i Nord-Irland sett frå ein bydel som vart bygt tidleg på
sekstitalet, og som i 1969 sleit med ymse slag sosiale vanskar typiske for
denne typen blokkbyar.

I denne boka gjer han ein svært viktig observasjon. I 1969 byrja
unionistiske bandar å jaga katolikkar ut or husa sine elles i Belfast, og
tusenvis av folk vart heimlause i løpet av få dagar. Dei katolske nabolaga
organiserte seg for å ta i mot straumen av flyktningar. I første omgang vart
dei innlosjert i gymsalar og liknande, til ein fann meir permanente
løysingar.

I Ballymurphy var det ein gjeng med skuletaparar som var kjent for å driva
litt småtjuveri og hærverk. I kaoset var det eit ljost hovud som kom på å
sette desse karane til å passa på det lageret av møblar, sylvskeier og andre
ting som folk hadde raska med seg i farta.

Aldri hadde noko oppdrag vorte utført med større alvor. Dag og natt sat
vaktsame augo og følgde med kvar minste ting som for inn og ut av lageret.
Ingenting forsvann. Over natta hadde det vorte bruk for denne gjengen med
ungdom som ingen hadde hatt bruk for.

Når folk ynskjer seg bort, trur eg det har lite med mangel på kafear å
gjera. Det er først og fremst på grunn av at det norske bygdesamfunnet ikkje
har bruk for folk mellom 18 og 28. I nokre tilfelle er ikkje dette noko
problem: Når folk har passert 18 kan dei ha godt av å bli sparka ut or
guterommet på Røa eller Tynset for å sjå noko anna. Oslo kan då vera OK for
dei som ikkje er derifrå – men for den del skadar det ikkje å dra til
Budapest eller Osaka.

Problemet er dei næringane der du treng sjølvstendige folk med allsidige
kunnskapar – dei naturbaserte næringane. Ottar Brox har i bok etter bok –
m.a. ”Kan bygdenæringene bli lønnsomme” frå slutten av åttitalet – synt
korleis næringspolitikken i desse næringane tek sikte på å forsterka desse
problema. Når folk som veks opp innser at dei er unyttige, innrettar dei seg
deretter. For femten-tjue år sidan kunne gutar som vaks opp her reparera
påhengsmotorar. No veks det opp gutar som knapt kan å starta ein
påhengsmotor. Slik blir klassen av allsidige og sjølvstendige på bygdene
redusert, til fordel for profitt for slike som Røkke.

I byane får naturlegvis problema med ”unyttig” ungdom andre utslag, avdi dei
ikkje kan leggja skulda på den ”dølle” bygda og reisa bort. Prinsippet er
likevel det same.

Det er viktig å kjenna til denne mekanismen. For sentrum-periferikonfliktane
gjeld jo ikkje berre internt i Noreg – i prinsippet er det same mekanismen
mellom senter og periferi på verdsbasis. Også her skapar ein hordar med
unyttige folk. Ein snakka lenge om at den tredje verda var utbytta som
råvareeksportør. Lokalt er dette rett, men under eitt er den tredje verda
råvareimportør. Oppgåva til Afrika sør for Sahara er å vera eit
fugleskremsel, ei åtvaring til alle som ikkje bøyger seg for spelereglane i
eit system basert på makt og frykt.

Det har alltid vore slike mytar ute og gått som dagens myte om at ungdom på
bygdene manglar kafear. På femtitalet var det alt for tungvint der folk
budde her i bygda, meinte dei. Så ein flytta stordelen av folk inn til
byggefelt i det ”nye” Kvenværet, i staden for å byggja bru ut til øyane. I
dag finst det omtrent ikkje ungar i desse byggefelta. Byggefelta er ei
løysing for ein generasjon – medan det stadig er ungar på småbruka, avdi
folk har tilknytting der. Men slik kunnskap kjem ikkje fram, avdi det heile
tida er folk med grunn innsikt i slike samfunn som har sett ”lyset”, og har
ein ”universalmedisin” som dei byr fram med høg røyst.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST