røter og føter

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-06-02


Erling Fossen skriv:

"Det er stor forskjell på et irrasjonelt bygdehat som du tillegger meg og et
forsøk på å forklare hvorfor ungdommen flytter fra bygda. I den grad jeg har
uttalt meg om bygda så er det i forbindelse med den pågående flukten fra
landsbygda. Når jeg skal gi et svar på hvorfor ungdommen flytter så svarer
jeg
fordi det er begrenset hvor moro det er å stirre inn i kurompa hele dagen.
Men
det er altså mitt svar på hvorfor ungdom flytter, og det er i rimelig
samsvar
med f.eks. hva Norsk Bygdeungdomslag får som svar når de spør utflytta
ungdom.
Hadde de voksne hatt mot til å innrømme at det er dritdøllt for ungdom å bo

bøgda, hadde dere kanskje klart å holde på noen flere av dem.

Jeg har hatt mine fineste fyllekuler med folk fra bøgda, og damer fra Moelv,
Eidsvoll eller Stjørdal er av det fineste slaget. Jeg har altså ikke noe
bygdehat selv om mange ilegger meg det synet. For da kan dere hate meg
framfor
å løse det som er problemet: I den tilstanden Bygde-Norge er i nå vil ingen
under 50 bo der."

Fossen har sjølvsagt rett i at det ikkje fører til nokon ting å berre avfeia
det han seier. Han artikulerer ein del mytar om avfolking som er vanlege -
også blant ungdom som flyttar frå bygda. Og slike mytar er interessante i
seg sjølv, uavhengig av kor mykje røynleg innhald som ligg i dei. Vi
menneske kler våre handlingar i dei forklaringane vi synest høver med
situasjonen. Som Oscar Wilde sa (fritt etter minnet): Alle menneske lyg når
dei fortel om seg sjølve. Gje dei ei maske, og dei snakkar sant.

Med andre ord trur eg ikkje spørjeundersøkingar har særleg for seg når det
gjeld å sjå kva krefter som er i rørsle. Du må leva i eit samfunn for å
forstå det. Og dei mytene Fossen gjev uttrykk for dekkjer til røynlege
årsaker avdi dei ikkje er heilt usanne. Dei mytologiserer nokre heilt
opplagte årsaker.

Fossen er litt "larger than life" - han er eit kjent fjes ikkje først og
fremst avdi det han seier er spesielt klokt, men avdi han seier det mange
ynskjer høyra. Einaste gongen eg har treft han var i Studentersamfunnet i
Trondheim, der han skulle i "duell" med Gunnar Album under siste EU-kamp.
Det gjekk berre sånn passe - Album hadde gjort leksa si. Og så lo ikkje folk
av vitsane Fossen freista bruka for å kortslutta ordskiftet. Det enda opp
med at han såg ut over forsamlinga og sa: "Jævla bønder".

Eg synest vel slikt blir litt primitivt. Men for all del: Det er jo futt og
fart i guten. Så eg er slett ikkje for å avskriva Fossen - han er glad i
diskusjon, og slike treng vi fleire av.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST