nullmeldingar

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 25-05-02


Karsten Johansen har formidla ei epokegjerande hending i norsk åndshistorie:

"Hva mente f.eks.
Djupedal egentlig med at SV står for rettferdighet, undret
Morgenblad-journalist Morten A. Strøksnes, som tok mikrofonen. Alle kan
da vel si at de er for rettferdighet?
Djupedal uttrykte stor grad av uenighet, og påsto at det finnes noen
tidløse verdier à la solidaritet, rettferdighet, etc. som kan være
rettledende i politisk sammenheng."

I korttekst: Djupedal står og fell med noko à la solidaritet etc. etc, for
:"Det moderne venstre må både styre globalt og snakke til individet".

På veg ned mot politikkens absolutte nullpunkt kan det vera verdt å tenkja
gjennom kombinasjonen av predestinasjon og total individuell fridom (den
"moderne" venstresida snakkar til predestinerte, frie individ). Djupedal er
talsmann for "tidlause" verdiar (som han eigentleg trur på, men som jo ikkje
er aktuell politikk avdi tida ikkje er mogen).Så kan vi jo trøyste oss med
desse tidlause verdiane medan dei predestinerte individa går sin frie lagnad
i møte. Det interessante blir: Kva skjer om vi framskriv trenden i SV med
ca. ti år? Finst det noko definisjon på eit absolutt politisk nullpunkt?

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST