SV: Prinsessa og kommuneøkonomi.

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: 24-05-02


Beste hermann hansen:

Det er bra med kritikk, og i KKs tilfelle: Det vil alltid trengst kritikk
mot Oslo-sekterismen. Det finst det materielle grunnar til.

På den andre sida: Det er IKKJE bra å vera destruktiv og driva med
utskjelling.

Denne skilnaden er det verdt å tenkja over, til beste for debatten rundt
avisa...

"Hva om KK hadde vært opptatt hva som skjer utafor Oslo", melder Hansen i
dag. På ein dag med 3 sider om Vardø (inkludert journalist sendt opp dit),
leiar om Vardø og ei heilside om konsekvensar av landbruksoppgjeret. Dette
er av totalt 5 sider innanriks-stoff...

Når Vardø kommunestyre legg ned verva ER Klassekampen "på hugget". Då
formannskapen i Kvæfjord gjorde det samme, vart det stor sak og
forsideoppslag i Klassekampen. INGEN riksaviser skriv meir eller grundigare
om kommuneøkonomien landet rundt (ring KS, som fylgjer med, og spør), og
det er BERRE Klassekampen og Nationen som presenterer eit kart over kva
lokalsjukehus i by og grend som står i fare i kjølvatnet av
sjukehusreformen (til dømes).

Det er lett å laga seg eit fiendebilete av idiot-journalistar som berre
bryr seg om "urbane kulturradikale". Det er sikkert ein liten opptur for
eiget sjølvbilete også, å rakka ned på andre. Men det er bra for debatten
om vi held oss i nærleiken av kva KK faktisk driv med (som ER for
Oslo-sentrert, ja, og det ER eit problem vi må gjera noko med), heller enn
å diskutera herman hansens onde fantasifoster.

Eller kva seier du, hansen?

Magnus Engen Marsdal
journalist, kommunist
og det som verre er.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST