"Kritisisme"

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 16-05-02


Braanen/Andresen har byrja eit ordskifte som er viktig, men som eg slett
ikkje er sikker på at det kjem noko godt ut av. Ein av grunnane er bruken av
uklåre adresser:

Braanen: ”Bare sjekk ut debattkulturen som omgir avisa på diverse
epostlister og nettsteder – den er ekstremt maskulin og kritisistisk. Yngre
folk og de fleste kvinner flykter hals over hode etter bare et flyktig
bekjentskap med denne kulturen.”

Slike generelle åtak er heilt uhandterlege for dei som blir karakterisert.
Men Andresen nyttar same grep med uklår, diffus adresse i motåtaket:

”Derimot så har det foregått en del mytedannelse rundt KK-forum, spredt av
folk knytta til AKP-miljøet, om at det er så fryktelig fælt her. Det var
påfallende at dette slarvet blei spesielt aktivt spredt på andre lister og
mellom slike folk i perioder hvor blant annet undertegnede dreiv en del
polemikk mot ML-bevegelsen og AKP.”

Og kven er desse mystiske ”knytta til AKP-miljøet”? Slike som meg? (joda, eg
har i nokre samanhengar trekt på skuldrene og rista på hovudet over
KK-forum).

Skal dette ordskiftet koma nokon veg, trur eg at det er viktig å unngå slike
breie, uangripelege adresser – men i staden vera konkrete, saklege.

Eg trur ikkje det er nokon ”myte” at ein del har vorte skremt vekk av
debattkulturen på KK-forum. Men eg trur Andresen har rett i at det har vorte
betre. Og så trur eg mange kritikarar av debattkulturen undervurderer kor
keisamt det blir når ein berre klør kvarandre på ryggen. Det viktigaste trur
eg er å peika på at KK-forum er inne i ei god utvikling, og vera heilt
konkret når ein seier kva ein meiner må bli betre. Å avvisa at KK-forum er
mannsdominert, er dumt (det er jo det). Men eg trur ikkje forumet blir betre
av at Andresen, Johansen og Fossen sluttar å skriva her.

Og så trur eg ikkje det underliggjande problemet er knytt til KK-forumet,
men at alt det vi diskuterer er symptom på sekterisme i ei venstreside med
store politiske vanskar. Den vanlege posisjonen på norsk venstreside er
ikkje å gå til åtak på kapitalismen, men sjølvforsvar. Tramp på dei rette
tærne, og heile fylkingar reiser seg som ein mann. Av og til folk du knapt
trudde var stridsduglege. Dette er ikkje noko KK-forum kan ”løysa” – det er
eit landskap ein må navigera i.

I denne stoda har Andresen som overdomar prioritert å unngå snorksvevnen –
nokre gongar med klubbe, nokre gongar med skarpe sverd. Ein kan vera usamd
med nokre av utslaga dette har fått – men ikkje med hovudinnretninga.
Keisame forum døyr.

Men kva so? Eg trur mange sitt møte med den underliggjande sekterismen på
norsk venstreside har minna om Håvamål: ”Augo du bruke/før inn du gjeng/i
kot og i kråom/ i kot og i krokom./ For d`er uvisst å vita kvar uvener
sit/føre din fot”. Det er ei lumsk atmosfære, der du risikerer å bli dolka
ned i løynd. Historisk har dette sjølvsagt med AKP å gjera – at
maktstrukturar vart forma i eit rom der det ikkje var offentleg innsyn.
Samstundes blir det alt for billig å gje AKP skulda. Men eg skjønar godt at
pacemakarar som Trond Andresen slåss mot ein tilstand der slike som han kan
avskrivast som ”kverulantar”.

I denne forsvarskampen går du nokre gongar litt for langt, Trond. Som den
negative reaksjonen når Braanen skriv: ”For øvrig leter vi nå etter
elementer som kan gjøre avisa varmere og nærmere – mer positiv, menneskelig
og personlig – enn i dag”.

Sjølvsagt er det mykje halvlunka piss som kan serverast som ”varmt og
menneskeleg” (noko det sjølvsagt er), men eg trur ikkje det er det Braanen
er ute etter. I harde tider kan ofte det enkle, menneskelege ha i valdsam
kraft som ”intellektuellt” ordskifte manglar, td. Brecht sine dikt frå
tredve- og førtital. Eg ventar i spaning på om Braanen finn noko med
kvalitet. For vi må verta meir allsidige, utan å kvela det pusterommet vi
har.

Og uansett om vi dyrkar det nære og menneskelege: Makt kan berre støypast om
med makt. Sjølv ungdom og kvinner har berre eit å gjera: Kvessa våpna, og
hogga til. Og risikera eit ublidt møte med kvass motstand. Slik er no
eingong vilkåra – ikkje på KK-forum, men i livet. Vi kan berre vera glade
for at vi kan bruka tastatur i staden for skytevåpen. Og som Håvamål seier
om striden: ”Ein stakkar tenkjer/ han støtt må leva/ når han strid mun sky./
Men alderdomen / gjev ingen mann fred/ om spjut honom sparde”.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST