Desinformasjon nok ein gong...

From: oddm@ifrance.com
Date: 01-05-02


Det er som tidlegare sagt trasig å lesa desinformasjonen i norske
"aviser". Aftenposten har t.d. ikkje anna å vise frå Frankrike i
biletserien sin om "1. mai verden rundt" enn eit elendig pressebilete av
nokre nazistar ved foten av statua til Jeanne d'Arc:
http://www.aftenposten.no/spesial/bildeserier/article.jhtml?articleID=323322&bildenr=11
Front National har i årevis freista å stela dette nasjonale symbolet som
sjølvsagt ikkje har noko som helst med nazismen deira å gjera. I følgje
politiet gjekk det 10.000 i demonstrasjonen til le Pen. Likevel snakkar
Aftenposten ein "høre-vridd" 1. mai.

Kvifor ikkje heller vise bilete frå dei ENORME demonstrasjonane mot
fascismen og totalitarismen, for fridom og demokrati i Paris og elles i
Frankrike? Dei offisielle tala frå Innanriksdepartementet er til no
870.000 berre i "provinsen". Og det er ikkje slutt enda. Ein kan
erfaringsmessig trygt gange dette talet med to for å koma i nærleiken av
dei reelle tala.

I Paris byrja den store hovuddemonstrasjonen med fagforeiningane i
spissen kl. 15. Det blir offisielt snakka om 400-600.000 berre i denne
demonstrasjonen. Enda spissen av toget er komen fram til Place de la
Nation, har mange enda ikkje starta frå Place de la République...

I det eg avsluttar dette innlegget, ser eg at dei (Aftenposten) kjem med
litt meir etterretteleg informasjon, enda tala ikkje heilt stemmer. Det
skulle då faen meg berre mangle!
http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article.jhtml?articleID=323427

Oddmund Garvik

PS: Eg skal prøve å samle ein del av slagorda ("dei ungdomspolitiske").
Som vanleg i Frankrike er det stor skaparkraft på dette området (jf.
mai-68). Av og til får ein klump i halsen, andre gonger ler ein seg i
hjel. Det er denne blandinga av alvor og fest som gjer franske (og andre
latinske) demonstrasjonar så gode.
ds.
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST