Kommentar og spørsmål til Erling Fossen

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 26-04-02


Erling Fossens innlegg "På Randen av et nervøst sammenbrudd" var skremmande.

Han vil ikkje dele ut karakteristikkar, skriv han, og held fram med akkurat
det: Eg har krope ut av skjulet i fjella, må ha fått solstikk, stroke til
førebuande, er på randen av nervøst samanbrot, ville vere ein dårleg
følgjesvein til Che Guevara i bolivianske fjell (det gjekk han forresten
ille nok der utan min assistanse), bruker sitatteknikk som er ein fanatikar
verdig (metoden er klipp, lim og kommenter) etc etc.

Når eg les slikt, undrast eg kva Fossen måtte ha mot min ringe person, sidan
han er så bitter. Men eg finn ingen ting. Våre vegar har, det eg minnest,
aldri møtst. Og eg har aldri før innlegget i går ytra eit einaste ord,
positivt eller negativt, om Fossen. Det kan altså ikkje vere personleg
bitterheit av noko slag som ligg bakom.

Altså må det vere slik at det som får Fossens emosjonar til å fosse, er at
eg representerer ei anna tenking og ei anna livsform enn han. Kulturforakt
altså.

Då spør eg meg korleis han reagerer på andre småkårsfolk som står for anna
tenking og andre livsformer og andre religionar enn hans og som kjem i hans
veg, på polske landarbeidarar, estiske helsearbeidarar, iranske
småhandlarar, russiske filetarbeidarar eller tamilske plantasjearbeidarar
som av ulike grunnar er i Norge. Møter han dei med liknande kulturforakt?

Eg er ingen belest person når det gjeld den postmodernismen Fossen så vidt
eg skjøner bekjenner seg til. Men eg hadde trudd at postmodernistane og eg
deler ein del verdiar, ønsket om eit fargerikt, ope, inkluderande og
tolerant fellesskap mellom menneske frå ulike samfunn og kulturar, og at
også det norske kulturelle og filosofiske mangfaldet er ein del av dette.
Viss Fossen er representativ for postmodernistane, tok eg altså feil.

Men kor mykje feil tok eg? Kanskje Fossen i neste innlegg kan halde seg unna
karakteristikkane av meddebattantar og heller forklare på nøkternt og
skjellsordfritt vis kva for kulturar og samfunn han eventuelt vil inkludere
i og kva han vil ekskludere frå sitt univers.

Føreåt takk for svar.

Olav Randen



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST