Ufatteleg...

From: oddm@ifrance.com
Date: 16-04-02


Talentløysa til "pressa" i US-avd. Skandinavia blir meir og meir openlys.
Den daglege desinformasjon frå NTB som alle "avisene" unisont trykkjer
kopiar av, gjer at dei blir identiske. Har ein lest ei av dei, har ein
lest alle. Det er som å gå i skobutikkar som alle har dei same modellane -
eit anna utbreidd gnorsk fenomen.

NRK er i særklasse, med svært få og sjeldsynte unntak. Eg høyrde så vidt
på Dagsnytt 18 i går, men slo av. Det verste er at dette programmet
kanskje er eit av dei likare som blir produsert på Marienlyst... Men
herregud for nokre knirkete og diffuse kommentarar, i tillegg frå såkalla
"ekspertar" på Sør-Amerika. Dei var ikkje ein gong i stand til å hoste opp
heilt tydelege trekk ved kuppet nyleg. Ikkje eit ord om Otto Reich t.d. -
eks-Contras og Bush sin nye "assistant secretary of state for Latin
America".

Nei, då var det eit heilt anna nivå på sendinga om kuppet i Caracas på
France Inter ein time før, men så var det meir skikk på deltakarane også -
redaktøren i Le Monde Diplomatique, Ignacio Ramonet, og to andre
journalistar frå same avisa. Dei snakka lenge og vel mellom anna om Otto
Reich, som er ei velkjend rotte med mange jarn i elden, og tilsvarande
mange svin på skogen. Dei snakka også om Brasil, og "faren" som ein
komande valsuksess for for PT (det brasilianske arbeidarpartiet)
representerer...

Eg les berre sporadisk gnorepressa. Då eg kikka innom i dag, datt eg mest
av stolen! Ikkje eit ord om den store italienske generalstreiken! Berre
kaklinga til Frp-sheriffen, det evindelege maset om "asylsøkere på
rømmen" og andre som "har kommet til Norge på ulovlig vis", og det vanlege
klakkørpisset om "fredsprosessen". Korleis kan eit så "rikt" land bli så
fattig?

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST