Privatisering

From: oddm@ifrance.com
Date: 27-01-02


Ein interessant artikkel i Klassekampen:
http://www.klassekampen.no/cgi-bin/nyheter.pl/2002/01/2802.html fekk meg
til å tenkja på den siste filmen til Ken Loach, "The Navigators"
http://www.tuc.org.uk/the_tuc/tuc-3823-f0.cfm Eg veit ikkje om denne er
sluppe gjennom porten til den norske filmørkenen enda, men eg hadde høve
til å sjå han her på kinoen i gallarlandsbyen for fjorten dagar sidan [det
er i grunnen ein sivilisert stad, kinosjefen er kommunist (PCF), og
filmrepertoaret er fullt av interessante saker].

Filmen handlar om raseringa (privatiseringa) av British Rail under
Thatcher, men historia kan utan vanskar overførast til andre område av
samfunnslivet. Det er vel eigentleg historia om likvideringa av den
britiske arbeidarklassen.

Det er eit like komisk skjer over KS-rapporten som blir referert i
Klassekampen som det er over depotsjefen Harpic i "The Navigators" når han
gir linjearbeidarane den nye arbeidsinstruksen - det nye jernbaneselskapet
sin "Mission Statement". Det er i det heile teke eit nokså komisk skjer
over desse nyliberale kapellanane og "forskarane". Problemet er at det er
blodig alvor, og at dei ser ut til å vera like effektive som dei fordums
svovelpredikantane:

> Det er konkurransen i seg selv som skaper økt effektivitet, ifølge
> utredningen.
>
> Kjell-Torgeir Skjetne i Kommunenes sentralforbund understreker at
> privatiseringen ikke er bra dersom den ender i et privat monopol.
>
> - Hvis dette fører til et privat monopol, forsvinner konkurransen igjen.
> Da er poenget ødelagt. Det er konkurransen som skjerper innsatsen, sier
> Skjetne.
>
> Skjetne understreker også at konklusjonene i rapporten ikke er bestilt
> av KS. (dette høyrest meir enn intelligent ut... min merkn.)
>
> - Vi har finansiert studier av effektiviteten i det offentlige på flere
> områder. Brannvesenet er bare ett slikt område. Vi ønsker å bidra til at
> kommunene kan finne frem til de formene for omstilling og
> effektivisering som passer dem best, sier han.

Tungetalen er enorm, og om ein ikkje kan spikre desse sjølvproklamerte
"ekspertane" på ei fjøl og kaste dei på havet, eller flå dei og tre dei på
treleivar som minkskinn, må ein i det minste hengja dei ut, latterleggjera
dei. Den nyreligiøse liberale suppa er så tynn at ein byrjar lure på om
folk framleis er ved sans og samling når dei kan sluke slikt.

Sjølv her i Frankrike, der brannvesenet er ein del av Hæren
(Ingeniørvåpenet) liksom det landsens gendarmeriet, pressar
"effektivitetstanken" seg fram. I praksis fører det til nedbyggjing,
dårlegare arbeidsvilkår og dårlegare tenester. Meir og meir blir basert på
friviljuge brannmenn (Pompiers volontaires), men det er framleis langt
fram til ei rein privatisering.

Kor kjem eigentleg desse spørsmåla om "effektivitet" frå? Og kvifor er det
få eller ingen som stiller dei same spørsmåla når milliardverdiar,
menneskeliv og -lagnader blir rasert ved hjelp av tastetrykk? På kva
slag måte er "markedet" effektivt når slikt kan skje?
 
(Eg har slutta å skrive "marknaden". Dette ordet kallar fram billete av
kamelar, karavanar og fata morgana. Morsmålet mitt er blitt ein
anakronisme, eit slags framandspråk i det nyrike, gnorske
"kulturlandskapet". Det står i stil med resten - det blir eit privat
språk, ei underfundig etterlevning av kulturarven.)

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST