Paris: 17. oktober 1961...

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: 17-10-01


...blei det skrive eit mørkt kapitel i nyare fransk historie. Det gjekk
mot slutten av krigen i Algerie og den tidlegare generalsekretæren ved
prefekturet i Bordeaux under Vichy-regjeringa, Maurice Papon, var 'préfet
de police" i Paris. Han var ansvarleg for deportasjonen av bortimot to
tusen jødar i 1943. I 1961 organiserte han ein massakre av algirske
demonstrantar, dvs. formelt var dei jo franske på den tida...

Einkvann staden mellom 200 og 300 menneske blei myrda på forskjellige
stader i Paris, men saka blei dyssa ned og var tabu i mange år. Dei siste
åra har det blitt gjort fleire forsøk på å lette på sløret. Det har vore
alvorleg debatt om Algeriekrigen for første gong på førti år. Først om
tortur som var offisiell politikk, og så dei siste vekene om hendingane
den 17. oktober. I dag blei det avduka ein minnestein ved pont
Saint-Michel i Paris, etter eit initiativ frå ordføraren Bertrand Delanoë
(PS): "A la mémoire des Algériens, victimes de la répression sanglante
d'une manifestation pacifique." Det er den første offisielle markeringa av
massakren i 1961.

Det var også eit demonstrasjonstog i Paris i kveld, og det blei meldt om
protestar frå visse politiforbund, og frå høgrefolk av alle sjatteringar,
til og med i Parlamentet. Det er vanskeleg å få hol på denne byllen, ser
det ut til.

Les meir her - på fransk:
http://www.liberation.com/quotidien/semaine/20011017merr.html

på engelsk:
http://www.flamemag.dircon.co.uk/algerians.htm
http://www.flamemag.dircon.co.uk/algerians_sunday_times.htm

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST