Re: Frå det franske "Seattle"

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Mon Jul 03 2000 - 12:19:53 MET DST


Med fare for å bryte inn i den norske agurkidyllen, tek eg sjansen på eit
lite referat frå hendingane i Millau i helga. Trass i at dette ikkje er
nemnt med eit pip i den norske dagspressa (eg har i alle fall ikkje funne
noko), var det faktisk ei stor hending, ikkje berre nok eit lokalt
”arrangement” i ein avkrok på den franske landsbygda. Dei tre dagane i
Millau var nok eit skritt på vegen i kampen mot den neoliberale
globaliseringa, og ein del av ei rørsle som starta for fleire år sidan, som
sist toppa seg i Seattle, og som sjølvsagt kjem til å halda fram og vekse.

Alt gjekk som smurt, ja, betre enn mange hadde venta, og somme kanskje
hadde håpa på. Det blei ingen samanstøytar med CRS-tropper, ingen
vandalisme, ingen drepne, ingen katastrofar som kunne nyttast av
høgrepressa og dei andre talsmennene for den liberale vinden etterpå. Det
var som eit langt smil, ei feststemning som varte og varte, og som ikkje
var til å ta feil av. Millau blei den europeiske hovudstaden for kampen mot
tyranniet til dei transnasjonale selskapa, WTO, politikken til USA og ein
del av politikken til EU-kommisjonen. 50.000 demonstrantar i gatene, og
rundt 110.000 på konserten fredag kveld! Ingen ”Roskildetilstandar”, berre
eit stort rop mot Makta, same korleis denne står fram.

Internett blei bruka aktivt, og i kvar ein avkrok i verda kunne ein laste
ned video- og lydklipp på sidene til L’O ka TERRE
http://www.lokaterre.com/bouge/rdv/regard.htm og såleis få eit inntrykk av
arrangementet.

Rettssaka gjekk som venta. Saka blei gjort til ei vanleg sak om
”vandalisme”. Påtalemakta kravde 10 månader fengsel for José Bové, derav 9
på vilkår og 18 månader prøvetid, (Bové sat inne i tre veker i fjor sumar).
For dei andre tiltalte blei det forlangt litt ”mildare” domar, men det
einaste akseptable er sjølvsagt full frifinning for alle dei ti tiltalte.
Domen fell den 13. september.

Og 30. juni neste år blir det konsert att - ein ny ”Bonde-Woodstock” i
Seattle-sur-Tarn...

Neste slag blir i Praha ”Praha 2000”.

Bonnes vacances !

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:58 MET DST