Frå det franske "Seattle"

From: tuxon@ifrance.com
Date: Fri Jun 30 2000 - 11:42:27 MET DST


Det går no faktisk an å delta på eit diskusjonsforum
sjølv om ein er ute og reiser. Eg sit ved eit seint
frukostbord i Millau - det franske "Seattle" - med
lånt berbar pc.

Sola skin som ho aldri har skine i "Midi de la
France", her på kanten av fjellandet Massif Central.
Landskapet opnar seg mot Middelhavet, og elva Tarn
snirklar seg forbi på kanten av kalkslettene lenger
oppe. Det er der Larzac ligg - landet til José Bové.
Det er der han har garden sin. Og det kom små grupper
med traktorar og tilhengarar derifrå i dag tidleg,
fredelege folk med skjegg og barter, strittande hår
og rutete skjorter bretta opp til olbogane. Dei er
sauebønder som bit seg fast der oppe på
Larzac-platået. Stikk i strid med dei teknokratiske
spådomane har dei klart å gjenreise samfunnet,
infrastrukturane og levebrødet. Dei har ikkje så
store inntekter kanskje, berre 7-8000 franc i
månaden, enda dei sel sauemjølka til 7 franc for
literen. Det er karrig i Larzac. Men dei har sett
utopien ut i livet, den som går ut på og som på
fransk heiter " vivre au pays ". Dei har saman med
nokre industrifolk klart å byggje opp la
Confédération Roquefort for å forsvare merket AOC
Roquefort, den lokale ressursen som har avgjort
lagnaden til dei om lag fem tusen familiane i det
sørlege Massif Central. De får tenkje på det neste
gong det kjøper eit stykke av denne edle osten.

Det er komne folk frå alle kantar, nokre frå den
andre sida av jorda, og det kjem enda fleire utover
dagen. Dei kjem med tog, buss, traktorar, til fots,
til hest. Sjølv kom eg med bussen frå Midt-Frankrike
i dag tidleg. Det er alle slags folk her.
"Bråkmakarar", forherda drøymarar, miljøaktivistar,
humanistar og tilhengjarar av ikkjevald. Og slike som
eg, ei slags blanding av alt dette med eit gamalt
aktivisthjarte. Det er sjeldan ein opplever slike
stunder. Eigentleg hadde eg berre tenkt å melde at
avisa Midi Libre har laga ei eiga vevside om
hendingane i Millau, til og med ein engelsk versjon:
http://www.midilibre.com/dossiers/bove/index_uk.html

No må eg finne ein telefon og få av garde dette.

Helsingar

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:58 MET DST