Helgheim i toppslag

From: Karsten Johansen (kvjohans@online.no)
Date: Thu Jun 01 2000 - 12:17:20 MET DST


Fra Dag og Tids glimrende Roald Helgheim foreligger:

Dag og Tid nr. 22, 2. juni 2000

Roald Helgheim: Det absolutte nullstandpunkt

Då Dagbladet var 125 år, kunngjorde redaktør Arve Solstad under lanseringa
av jubileumsboka at avisa ikkje lenger stod for noko. Om det var eit mål å
komme dit, er uvisst, men i vår tid treng ikkje det å ha tapt eit mål av
syne vere nokon endestasjon, ettersom det å ikkje stå for noko har blitt ein
aktverdig ståstad i seg sjølv. Det høyrer elles med at då Hans Fredrik Dahl
ved det same jubileumshøvet skulle profilere den typiske Dagblad-lesaren,
drog fram kontaktspalta “Noen som passer for meg” som den mest representative.

Somme vil meine at mangelen på ankerfeste seinast fekk sitt mest slåande
uttrykk i det nye laurdags-magasinet, men som utdefinert av målgruppa frå
starten, snakkar eg her frå den absolutte utsida. Sissel Benneche Osvold
hadde eit drabeleg oppgjør med den redselsfulle hatten til Märtha Louise på
Slottsbalkongen 17. mai sist eg var innom vedlegget, og eg stør henne fullt
ut. Men i lengda er ikkje slike drypp nok til å halde nivået oppe.

Det er ved å lese kommentarane til kulturredaktør Eva Bratholm ein oftast
kan studere null-ståstaden til avisa inngåande. Då har eg ikkje rekna med
det som under vignetten Foran kvar dag skal fylle dobbelsida 4-5 med mat for
tanken, men som kvart eit halvtrena medieauge kan sjå har blitt redaksjonens
daglege mareritt å fylle med nokolunde innhald. Resultatet er verken fugl
eller fisk, sprita opp med digre illustrasjonar til å fylle opp resten av
tomrommet med. At dei mest dugande skribentane i avisa for det meste held
seg borte frå denne plassen, er lett å forstå. Dei kan vi lese på side 2.

Men på den plassen hadde Eva Bratholm søndag ein kommentar under tittelen
“Alt bedre før?”, der ho hevdar at “verdi alt for ofte blir forvekslet med
nostalgi”. Det kan ein saktens diskutere, men det oppsiktsvekkjande
utgangspunktet er festspel-talen komponisten og musikaren Rolf Wallin nyleg
heldt i Bergen, der han med tordenstemme fortalde det kondisjonerte publikum
at “det renner en strøm av fett gjennom landet”. Målskiva for Wallin var
media, marknaden og underhaldningsindustrien. “Komponistens
sivilisasjonskritikk hadde en tydelig undertekst - det var bedre før”,
konkluderer Bratholm. Dette slår ho i hop med professor Stein Ringen og
verdikommisjonens nylege fråsegn om storleiken på norske kommunar(!), og
meiner at “både Ringen og Wallin drømmer seg tilbake”, på same måte som
“utallige morgenkåsører i TV2 hver morgen kl. 07.25 konkluderer med at det -
tross alt - var bedre før”. Ikkje nok med det: “Det er jo egentlig det Ottar
Brox har skrevet bok etter bok om”!

Resten av artikkelen er ein dusinvare-kritikk av den alltid takksame
hoggestabben Verdikommisjonen, med støtte i ein dusinvare-artikkel av Kjetil
Wiedsvang som stod i siste nummer av Samtiden. Bratholm viser så til at det
i fjor vart halde ein motverdikonferanse, som no har ført til ei bok. Ein
kan seie kva ein vil om Verdikommisjonen, men utan den hadde vel boka Bidrag
til verdienes historie (Pax) ikkje blitt til. Boka er eit framifrå historisk
supplement til forståinga av kva verdiar er, og kommisjonen burde leggje
henne ved sin eigen sluttrapport, i tillegg til alt anna som har vore skrive
om han.

Men om vi no held denne permanente hoggestabben utanfor, kva er det
Dagbladet og kulturredaktøren, gjennom koplinga frå den samfunnsengasjerte
kunstnaren Rolf Wallin til den like engasjerte Ottar Brox, vil fortelje oss?
Berre det å avfeie ein samfunnsanalytikar av Ottar Brox sitt format så
lettvint, seier det meste. Som samfunnsforskar og debattant har Brox
konstant vore oppteken av å peike på alternative vegar å gå, ikkje bakover,
men utanom den slagne landevegen som har fått det misvisande namnet
“utviklinga”. Men innanfor horisonten til Dagbladets kulturredaktør hadde
også sivilisasjonskritikarar som George Orwell og Aldous Huxley sikkert
blitt slått i hartkorn med nostalgiske morgonkåsørar. Medan Bratholms eige
mål ikkje framstår som anna enn å vere intellektuell rekved i den
feittstraumen som renn forbi.

For kva anna er det Bratholm og Dagbladet vil, enn å vere berre
“mainstream”? Sjølv i ei avis som har proklamert sin eigen ikkje-ståstad,
kan vi framleis lese ein og annan artikkel med substans, når enno tenkjande
skribentar kritiserer den rådande utviklinga. Men den dagen alt berre går
den vegen høna sparkar, er det historiske målet nådd: Det absolutte
nullstandpunkt. Roald Helgheim



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:49 MET DST