Re: Fortsatt Nei til EU

From: Oddmund Garvik (tuxon@ifrance.com)
Date: Thu Apr 27 2000 - 05:23:44 MET DST


Trond Andresen skreiv:

> Jeg vil anbefale alle EU-tilhengere, ikke minst de som er tilhengere ikke
> p.g.a. EntUsiasme, men fordi de synes det er for "nasjonalistisk" eller
> "gammeldags" å være *mot* EU, å lese...

Eg går ut frå at eg er ein av dei det blir sikta til her, enda eg korkje
kjenner meg att i karakteristikken ovanfor, eller i denne:

>... den lettkjøpte agitasjonen om
> "nasjonalistiske EU-motstandarene i båt med LePen
> og Haider" ...

Set ein ting i hermeteikn, bør det i det minste vera slikt som verkeleg er
sagt. Passar det ikkje å diskutere forskjellige aspekt ved EU-motstanden, er
det greitt nok for meg. Men det blir noko lettvint og bombastisk å
proklamere slutten på ein diskusjon ved å vise til ein kronikk.

Kronikken til Østerud parkerer sjølvsagt ingen debatt, eller standpunkt på
sidelinja (problematiseringa av det nasjonalistiske/populistiske innslaget i
EU-motstanden er dessutan berre eit av fleire tema).

Østerud går gjennom ei viss historisk utvikling, og tar opp ein debatt om
overnasjonalt demokrati som går føre seg fleire stader. Han har valt å
konsentrere seg om den aktuelle tyske debatten, med utgangspunkt i Habermas,
og kjem med nokre synspunkt. Det er vel og bra, og interessant nok. Men
ingen sit med fasitsvar, for desse spørsmåla er ikkje enkle.

Eg trur elles at alle vinn på å unngå tankekarikaturar. Politikk er ikkje
informatikk: Ja, eller nei. Null, eller ein. Ying, eller yang. Godt, eller
vondt. Rett, eller galt. Vinnar, eller tapar.

Eg skal ikkje utbrodere temaet meir, og set med dette ein strek over den
norske EU-"debatten". Eg har vel ingenting å gjera der likevel - eg har
ikkje stemmerett ein gong.

Oddmund Garvik

 
______________________________________________________________________________
message envoye depuis http://www.ifrance.com
emails (pop)-sites persos (espace illimite)-agenda-favoris (bookmarks)-forums
Ecoutez ce message par tel ! : 08 92 68 92 15 (france uniquement)



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Aug 03 2000 - 10:25:33 MET DST