Samiske skrifttyper

Tor Otto Tollefsen (tor.otto@mail.raaness.no)
21 May 1997 14:05:08 +0200

Eg ser at Svein Lund mellom anna onskjer seg samiske typar i KK. Dette er eit
problem eg har vore innom fra tid til anna, og det slett ikkje enkelt. Dei
samiske skriftsnitta eg har sett, finst berre i to familiar: Ein Times-variant
- og ein Helvetica-variant. (Dei store font-leverandorane bryr seg ikkje om
dette - tenk berre pa dei saernorske vokalane ae-o-a som det enno ikkje finst
ein sams standard for)

Pa grunn av det avgrensa skriftvalet vil mange utgjevarar kvie seg for a nytte
eit samisk tegnsett. Eit skifte av tegnsett dreg alltid med seg endringar og
tilpasningar pa ei rekke niva i produksjonsprosessen. I ei hektisk
dagsavisproduksjon onskjer ein naturleg nok minst muleg slike tilpasningar. I
tillegg finst det eit estetisk element: Det er greit for ein trykksak som
allereide nyttar Times a ta i bruk den samiske ekvivalenten. Men utsjanaden
blir lite tiltalande dersom brodskrifta fra for er t.d. New Century Schoolbook
eller Century Oldstyle (bade skrifter KK har nytta).

Ein kan vanskeleg stille krav til Klassekampen om a loyse dette problemet -
(da matte ein isafall kreve at avisa berre nytta Times) - men eg trur at
dersom KK spesifiserte kva slags skriftsnitt dei nyttar - sa kan nokon i dei
rette miljoane kanskje finne fram til (eller lage) hovelege samiske
ekvivalentar. Kanskje Svein Lund kjenner nokon slike?

Er det andre som veit noko om samiske fontar? Kan det hende Riksarkivet veit
noko (der har dei i alle fall utvekla eit tegnsett for gamalnorsk, ogsa i
times)?

med helsing
Tor Otto Tollefsen
font-selgjar m.m.