Forslag til generalforsamling

Svein Lund (sveilund@telepost.no)
Tue, 20 May 1997 18:54:40 +0200 (MET DST)

Svein Lund
Pb.90
N - 9520 Guovdageaidnu 20.5.97
Noreg / Norway
tel 78486877, fax 78486884
e-post: sveilund@online.no

Klassekampen
v/ Toril Brekke
0134 Oslo

FORSLAG TIL KLASSEKAMPENS GENERALFORSAMLING

Eg les i dagens avis, dvs. den avisa som kom hit i dag, m.a.o. avisa for
fredag 14.5., at
Klassekampen skal ha generalforsamling 9.6., og at forslag må vere sendt inn
innan 20.5.
Ettersom regjering og Storting ikkje ønsker eit postverk som klarer å få
posten raskare
fram, er den einaste sjansen eg har til å sende inn forslag å sende det pr.
faks eller e-post
idag. (Enno klagar postverket over at vi ikkje brukar det.)
Dette burde og fortelle dei som har satt denne annonsa inn at ein kanskje
burde ta med i
rekninga at landet er langstrakt og postgangen dårlig. Ettersom det ikkje
står noko
klokkeslett ved tidsfristen, reknar eg med at dagen varar til kl. 2400.

Om eg sjølv skulle møtt på generalforsamlinga, ville bare reisa ha kosta
omlag kr. 5000.-.
I tillegg kjem overnatting og to dagar tapt arbeidsfortjeneste. Eg ber
derfor om forståing
for at eg må be nokon i Klassekampen sitt styre om å legge disse forslaga
fram for
generalforsamlinga og sjå til at dei blir tatt opp til behandling.

No har vi som har kritisert utviklinga i avisa fått høre tilbake at vi er
destruktive og ikkje
har konstruktive forslag. Eg vil derfor legge fram eit par heilt konkrete
forslag til å styrke
avisa:

1. Klassekampen skal vere ei avis for heile landet. Avisa vil derfor arbeide
for å styrke
distriktsdekkinga gjennom tiltak som:
- bygge opp eit nett av faste distriktskontaktar som sjølve skriv (med eller
utan betaling),
fotograferer og / eller tipsar redaksjonen om saker frå sitt område.
- sende journalistar på godt planlagte reportasjereiser der ein slår fleire
fluger i ein smekk
med å lage fleire reportasjer når ein først er på tur. Der avisa har faste
distriktskontaktar
bør reportasjereiser planleggas i samarbeid med dei, både for å vere bedre
førebudd og for
å få ned reise- og opphaldskostnadar.
- så snart økonomien tillater nytilsettingar, prioritere
journaliststillingar (evt. delstillingar)
i landet utafor Oslo-gryta.
- arrangere konferanse / kurs for tilknytta korrespondentar /
distriktskontaktar.

2. Klassekampens redaksjon skal for framtida sjå på kritiske lesarar som ein
ressurs og
svare på kritikk etter beste evne. (Eg viser her til brev eg tidligare har
sendt redaksjonen
og styremedlemmane med opplisting av ein del av den kritikken det aldri er
gitt nokon
respons på.)

3. Klassekampen skal halde på føremålsparagrafen og generalforsamlinga vil
innskjerpe
overfor den redaksjonelle og administrative leiinga at denne er forpliktande
for alt
redaksjonelt arbeid, for forholdet til lesarane og for avisa sin
tilsettingspolitikk.

4. I tillegg til føremålsparagrafen bør det gjøras eit vedtak om innretninga
på avisa, med å
slå fast ka for grupper avisa skal innrettas på i stoffutval, skrivemåte og
politisk haldning:
- for arbeidarklassen
- for kvinnene
- for ungdommen
- for distrikta
- for den "tredje verda"
- for folkelig kultur

5. Klassekampen vil snarast kjøpe inn og ta i bruk samiske skrifttyper slik
at ein kan
gjengi samiske stadnamn rett og etterkvart trykke nokre artiklar på samisk.

Dersom generalforsamlinga eller andre organ i avisa fattar vedtak i hovudsak
på linje med
dette, kan eg tenke meg å stille meg til disposisjon som distriktskontakt /
korrespondent.

Med helsing

Svein Lund, Guovdageaidnu
abonnent / aksjonær / korrespondent