Re: 1. mai og KK Magnus Marsdal

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Sun, 4 May 1997 20:36:09 +0000

Nuvel, no har eg litt meir tid.

Eg vil gjenta: Det var eit tildels usakleg innlegg, og eg står her
med bøygde kne.

Så til Kjellberg, som skriv:
kan dette (at KK gjer "feil" prioriteringar") ha noen form for strukturelle - for ikke å si materielle
årsaker?

Ja, absolutt! Den manglande prioriteringa av aktivisme/organisering
nedanfrå er eit strukturelt trekk ved arbeidet i KK-redaksjonen. Det
er DETTE mitt (usaklege) innlegg var retta mot, ikkje arbeidet til dei
som var på vakt akkurat på 1. mai. Dei gjorde sikkert sitt beste ut
frå den prioriteringa og den planleggjinga som var gjort..

Men det ER ikkje materielt umogleg for KK å
dekkja Radikal 1. mai OG Per Øsvold OG Jagland, sidan desse på ingen
måte kolliderte i tid. Og Radikal 1. mai starta kl. 10.00, altså godt
innafor det som kan kallast rimeleg arbeidstid. Men det BLIR
vanskeleg dersom ein ikkje har PRIORITERINGAR eller har FEIL
prioriteringar. Og i KK-redaksjonen meiner eg det er "strukturelt"
slik at prioriteringa er manglane eller feil.

Dette er ikkje eit organisatorisk/praktisk spørsmål, men eit
politisk spørsmål. Det handlar om kva ein ser på som VIKTIG
i arbeidet med å skapa ei betre verd, evt. OM ein i det heile teke er
opptekne av arbeidet med å skapa ei betre verd (nyhendekriterie!) .
Min påstand er altså
at det er ei FOR LÅG prioritering av aktivisme/radikal organisering
nedanfrå ford dette ikkje blir sett på som VIKTIG nok.

Korleis kan eg uttala meg om slikt? Fordi eg har jobba i avisa nokre
månader, og såleis fått ei føling med kva som har prioritet. Ein kan
kalla dette synsing. Så kan ein evt. diskutera ei rad med døme på bra
og dårleg prioritering. Eg går ikkje inn på dette no. Poenget var
berre å seia meg heilt samd i at det er meir "strukturelle" ting som
fører til "feil". I tillegg kjem sjølvsagt at KK har sers avgrensa
ressursar, noko som eigentleg SKJERPAR krava til prioritering.

Så eit lite hjartesukk: Det var da som bare FAEN at den einaste måten
å få dei som jobbar i KK til å melda noko offentleg i ordskifta om
avisa er å koma med ein kritikk som har nokre sider som er usaklege
og lette å "ta". Eg veit at ein har mykje å gjera og ikkje all verdas
tid til disputas på KK-Forum, men likevel; dette var min impulsive
hjartesukk-reaksjon.

Magnus E Marsdal

--- P t o t h e P ---