Går_KK-redaktøren_i_søvne=3F

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 2 May 1997 08:11:23 +0200

Ikkje veit eg om det er desken eller annonseavdelinga som har sove
tyngst, men sidan redaktøren er den øvste ansvarlege for produktet,
rettar eg kritikken dit.

Det gjeld 1. mai-nummeret, som skal (skulle) seljast på gata, nå nye
lesarar og generelt vere eit utstillingsvindu for avisa. Og kva er dette
for slags avis?

Øvre halvdel av førstesida, som skal fange interessa, er dominert av eit
bilde med ein skyskrapar og nokre plakatar på tysk. Attmed står ei
overskrift som ser nokså meiningslaus ut: "LO-topp åpner for sivil
ulydighet". Er dette bladet til militærnektarane, tru???

Den som på dette tidspunktet ikkje har mista interessa, ser kanskje
også ein liten stikktittel: "Kommuneforbundet hardt ut mot LO-ledelsens
gasskraft-ja". Jaja, gasskraft er jo ei viktig sak. Men kvifor er ikkje
det hovudtittelen? Og kva har det med den tyske skyskraparen å gjere?

Svaret på det siste får vi dersom vi likevel blir overtala til å kjøpe
avisa. Vi brettar ho ut og ser ei ny overskrift: "Opprør mot unionen",
med intro til ein artikkel inne i bladet. Aha, det er det plakatane
gjeld!

Når vi først er komne så langt, er det mykje bra i 1. mai-nummeret,
sjølv om vinkling og prioritering alltids kan diskuterast. Kanskje de
skulle ha tenkt meir på den sporadiske lesaren, som manglar ein del av
den bakgrunnskunnskapen som vi "faste" har, og som f.eks. ikkje har
fått med seg kva som er gale med gasskraftverk. Sjølvsagt meiner eg som
ivrig NTEU-medlem at unionskampen burde ha fått meir plass. Det får så
vere.

Katastrofen kjem på slutten av del 2, med ei heilsides eigenannonse. Den
skal vel rette seg mot dei som har slumpa til å kjøpe 1. mai-nummeret, og
som kanskje er modne for å bli abonnentar. Til å illustrere slike har ein
valt ei svært moden kvinne; flott dame, forresten, ho har sannsynlegvis
arbeidd hardt i eit langt liv. Prøv gjerne å få ho til å abonnere.

Vi får likevel håpe at ho ikkje ser godt nok til å lese denne
annonseteksten. "Følelse av å være verdiløse", står det midt over fjeset
hennar. Det står sjølvsagt meir, men ikkje for dei med dårleg syn. Det
same kan det vere, for setninga er elendig formulert, kvasi-filosofisk i
innhald, og framfor alt: utan appell til ein muleg abonnent.

Endå verre blir det i teksten under: "Du er ikke modig før du...". Her er
det opptakskrav til den eksklusive klubben av abonnentar, og det hjelper
ikkje at teksten er dårleg formulert og at utforminga gjer han nesten
uleseleg. Krona på verket er slagordet:
"KLASSEKAMPEN
For deg som tåler det"!!!!

1. mai er ein viktig dag for KK, om ikkje anna så fordi det er ein sjanse
til å nå radikale menneske som er på gata den dagen. Ein slik sjanse må
utnyttast, ikkje skuslast bort. Vi gamle abonnentar toler sikkert at de
gjer narr av oss endå ein gong, men kvifor må de gjere det i ei
verveannonse som rettar seg til nye lesarar? Skal de ha fleire
postmodernistiske abonnentar på filosofi mellomfag, så er det vel enklare
å setje opp ein plakat der???

Lars Staurset

P.S. Når eg skriv desse linjene, og i ein engasjert tone, er det sjølvsagt
fordi eg bryr meg om KK. Hadde VG gjort noko liknande, så hadde eg knapt
trekt på skuldrene.