Yngve Haagensen og 1.mai i Trondheim

Mads Løkeland (madslo@nidaros.trondernett.no)
Thu, 17 Apr 1997 23:46:48 +0200

Sør Trøndelag AKP har sendt dette opne brevet til Yngve Haagensen:

Trekker du deg som hovudtalar i Trondheim 1.mai?

Styret i Trondheim Faglige Samorganisasjon har bede deg vera hovudtalar i
Trondheim 1.mai, men
etter eit skarpt parolevedtak er det stor avstand mellom grunnlaget for
arrangementet og den
politikken du til no har gjeve uttrykk for.

Det er sjølvsagt at ein hovudtalar loyalt støtter det politiske grunnlaget
for arrangementet og ikkje
uttalar seg i strid med det, men om dette ikkje er mogleg for deg, må du
trekka deg som hovudtalar.
Noko anna ville vera eit overgrep mot demokratiet i fagrørsla.

Her er ein del av hovudparolane du må støtta som hovudtalar 1.mai i Trondheim:

Ut av EØS
EØS-avtalen fører Noreg stadig tettare inn i EU-systemet, med skadelege
verknader for miljø,
økonomi, arbeidsplassar og norsk sjølvstende.

Nei til Schengen
Schengen-avtalen representerer mellom anna forverra forhold for flyktningar,
auka
politi-overvaking, europeisk politistat og vanskelegare kamp mot narkotika
og andre former for
kriminalitet der grenesovervaking er viktig.

120 000 arbeidsledige er regjeringas ansvar - bruk oljefondet
Utstrakt bruk av oljefondet for å auka verksemd i Noreg innen helse, skole,
industri og service - ein
sjølvsagt parole.

Forsvar streikeretten - avvis arbeidsrettsrådets innstilling
Ukjent for mange, men forslaget til nytt lovverk for fagforeiningar er djupt
udemokratisk og vil fjerna
store delar av streikeretten i Noreg og konsentrera all fagleg makt i henda
på toppleiinga i LO, AF
og YS.

"Solidaritetsalternativet": moderasjon for oss og utbyttefest for kapitalen
Profitten har aldri vore høgare, og stadig støre del av dei verdiane vi alle
er med på å skapa blir
disponert av kapitaleigarane til auka utbytting i andre land, privat luksus
og samfunnskadelege
prosjekt i Noreg. Nei til "moderasjon" ved lønsoppgjeret.

6-timers normalarbeidsdag med full lønnskompensasjon
Eit krav som er spesielt viktig for kvinnene. Kravet er 6 timars dag, ikkje
30 timars veke!

Fritt Kurdistan - boykott Tyrkia
Nato-landet Tyrkia fører ein brutal krig mot det kurdiske folket, betalt av
turistinntekter og med
soldatar trena saman med norske soldatar. Noreg må boykotta Tyrkia militært,
økonomisk og ikkje
minst stansa turisttrafikken frå Noreg.

Regjeringas flyktingepolitikk er en skam
Det minste er å pressa fram at Noreg skal oppfylla internasjonale avtalar om
asylrett.

Med dette parolegrunnlaget kan det berre vera ein konklusjon, du må trekka
deg som
hovudtalar i Trondheim 1.mai.

Med helsing

Mads Løkeland

Sør Trøndelag AKP