OM KULTURPOLITIKK

Georg Arnestad (Georg.Arnestad@adm.hisf.no)
Sun, 16 Mar 1997 14:12:28 GMT+0100

Ein ny tåkefyrste er i ferd med å byggje seg opp. Han får god hjelp
til dette gjennom Klassekampen. Den nye fyrsten heiter Geir Grothen.
Han blei lansert for eit par månader sidan av Anne-Britt Gran, som
melde Grothens bok (hovudfagsoppgåve) om kulturpolitikk.

I KK laurdag 15.3.97 slepp Grothen sjølv til med eit essay om
kulturpolitikk. Temaet interesser meg, og eg har arbeidd mykje med
forsking og utgreiing om nettopp norsk og nordisk kulturpolitikk. Men
eg klarde ikkje med min beste vilje å kome gjennom Grothens essay.
Ord, ord, form, form - utan innhald og nesten utan meining. Lange,
innfløkte setningar....Det er synd at eit viktig felt som
kulturpolitikk skal behandlast av avisa på ein måte som går langt
over hovuda - ikkje berre på folk flest -, men truleg på alle som
ikkje er "innvigde" i stammespråket (på visse institutt på Blindern).

Det er i og for seg greitt at Grothen skriv og skriv. Men eg synest
KK burde stille visse minstekrav til "lesbarhet" til det som kjem på
trykk.

Avisa har lite eller ingenting lært av debatten om kulturstoffet sist
haust. Framleis er avisa leikegrind for tåkefyrstar...

Er det kanskje andre som har prøvd seg på Grothens essay? Eg skal
gjere eit forsøk på å trengje gjennom ordmylderet seinare....

Georg Arnestad
Med vennleg helsing

Georg Arnestad
FoU-leiar
Tlf. 57 67 61 14/57 67 60 00
E-post: georgar@adm.hisf.no