vårjakta_i_gang

Roald Helgheim (roaldh@klassekampen.no)
Sun, 16 Mar 1997 13:36:43 +-100

Dei pavlovske refleksane har meldt seg etter Eivind Røssaaks kulturkommentar 15. Mars. Utan på på noko vis å god for Røssaaks resonnement vil eg oppmode Marsdal og andre til å slutte med den konstante personhetsen og kravet om at kulturredaktøren straks må gå. Betre vatn på mølla kan jo ikkje dei få som hevdar at om kommunistane får makta, vil dei nettopp kappe hovudet av sånne som Røssaak. Marsdal er kjend talsmann for Raud Ungdom. Det ville vore betre om ungdomsorganisasjonen viste seg istand til ein sjølvstendig politisk nytenkjande analyse av hitlerismen og stalinismen i staden for å vere klakkørar for sit faderlege politiske opphav. Ein revolusjonær formålsparagraf for avisa har aldri betydd ukritisk Kim Il Sung-hyllest til revolusjonen, men like mykje å setje han under debatt. Dei pavlovske refleksane som enno ein gong melder seg tyder på at ein slik debatt ønskjer visse folk ikkje. Ein vil berre ha avvikarane sitt hovud på eit fat. Betre ammunisjon kan vel Røssaak knapt få.

Roald Helgheim