Re: Kvifor varte myrdinga på Aust-Timor

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Fri, 24 Sep 1999 08:24:31 +0200

Trond Andresen wrote:
>
> Først to uker med myrderier. Så intervensjon. Begge deler inngikk i følge
> Staurset i en strategi som alle kapitalistiske makter + Indonesia var
> innforstått med, og som resten av verden inklusive mediene ikke har fått med
> seg:
>
> (1) Først skremme vettet av separatister i andre deler av Indonesia ved
> 14 dager med myrderier i Øst-Timor
> (2) Så redde ansikt og vise at man er humanister
>
> Denne teorien har den fordel for tilhengerne at den opprettholder et trygt
> og velkjent verdensbilde for dem: Kapitalistiske og/eller imperialistiske
> regjeringer (k/i-regjeringer fra nå av) som alltid og uten hindre løper USA
> sitt ærend fullt ut, og som er gode busser med diktatorene i land som
> Indonesia. Denne vel samkjørte forsamlinga av k/i-regjeringer fører som
> vanlig den godtroende verdensopinionen bak lyset, og gjennomskues bare av et
> lite mindretall av analytiske og illusjonsløse marxister.

Dette er kanskje ein smule karikert. Sjølvsagt finst det ulike
fraksjonar og tendensar både i USA og dei andre k/i-landa. Strategar som
Kissinger, Brzezinsky og Albright har aldri kvidd seg for å bruke rå
makt. Andre må pynte på det for å gjere politikken salbar til publikum.
Det inneber mellom anna å halde ein viss avstand, i ord og stundom i
handling, til dei diktatorane som media har oppdaga.

EU har prøvd å stable på beina sin eigen utanrikspolitikk, men den
høyrer vi ikkje mykje til etter Jugoslavia-bombinga (å få bort slike
tendensar, var utvilsamt eit av måla med bombinga, sett frå amerikansk
side). Statsminister Brundtland var gode bussar med Suharto for få år
sidan, og Noreg under Bondevik og Vollebæk opptrer meir USA-servilt enn
nokon gong. Ingen k/i-regjeringar protesterer særleg høgt mot utpininga
av Irak. Slik sett er dei fleste k/i-regjeringane nokså samkjørte, sett
utafrå.

Når det gjeld Aust-Timor, har likevel Australia hatt ei nokonlunde
sjølvstendig linje i det siste. Om det er fordi dei synest synd på
timoresarane, eller for å bøte for gamle synder og komme på god fot med
dei kommande styresmaktene, skal vere usagt. Det hender jo at ulike
omsyn dreg i same retning.

Eg la fram ei kynisk vinkling på Timor-konflikten; Trond argumenterer
ikkje direkte mot ho, men skriv at...

> Jeg tror mer på en annen forklaring: De to ukene gikk ganske enkelt fordi
> omverdenen kviet seg for å intervenere militært og i stedet håpet å presse
> Indonesia til å holde opp v.h.a. diplomatiske midler, og (sjølsagt, ingen
> illusjoner her, Lars) fordi man også kviet seg for å komme på kant med en
> gammel alliert, og dermed var tibakeholdende i det lengste. Dette gjelder
> bl.a. USA og Australia. Med andre ord at det ikke var snakk om en overordna
> konspirasjon eller plan om "to uker for at Indonesia kan få skremt vettet av
> andre separatister, så stopp", men at de forskjellige regjeringer
> manøvererte ut fra egne interesser i en situasjon som var vanskelig for dem,
> og hvor de måtte ta sterkt hensyn til politisk press fra egen opinion. (Men
> at Indonesia sjøl gjennomførte myrderiene med et del-motiv om å skremme
> andre separatister, tror jeg er riktig. Da vil jeg legge til at de også
> gjorde dette i rein og skjær frustrasjon og hevnlyst - like "rasjonelt" som
> da portugiserne i raseri fylte avløpsrørene i Mosambik med sement, før de
> ble tvunget til å gi opp kolonistyret der.)

Trond si forklaring og mi utfyller kvarandre meir enn dei strir mot
kvarandre; dei passar på ulike fraksjonar i maktapparata. Eg skal
likevel korrigere meg sjølv på eit punkt. Eg skreiv at

> Vestmaktene ønskjer også å halde Indonesia samla. Dei støtta målet og
> protesterte ikkje mot midlane. Dei kunne ha innført våpenboikott og
> andre straffetiltak, som kanskje ikkje hadde verka på kort sikt, men som
> hadde vore tydelege signal. Med å ikkje gjere det, signaliserte dei at
> framgangsmåten var OK. Etter ei tid, då det hadde hendt så mykje at
> bodskapen rimelegvis var oppfatta, tvinga dei fram retrett.

Det siste kan oppfattast som at vestmaktene tvinga Indonesia til å
stoppe myrdinga etter to tilmålte veker. Sannsynlegvis var det meir
samansette grunnar til at Indonesia let dei utanlandske styrkane komme:
gradvis sterkare press utafrå, maktkamp internt, og ikkje minst: jobben
var gjort, opposisjonelle i andre regionar hadde fått ei tydeleg melding
om å halde seg i ro.

Det Trond skriv vidare om journalistar og motsetnader innafor
herskarklassen, er eg i hovudsak samd i, men det var altså ikkje det som
var temaet mitt sist. I det same innlegget er han innom
"kommunikasjons-, informasjons- og utdanningsrevolusjonen". Det vil eg
gjerne svare på separat (når eg får hovudet over vatnet).

Lars Staurset