Aust-Timor og Vesten (var: Re: Øst-Timor

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 8 Sep 1999 09:40:25 GMT

Den 7. september 1999 skreiv Trond Andresen:

>Jeg tror at det er vanskeligere for "Vesten" (Australia er i denne sammenheng
>en del av "Vesten") å la være å presse Indonesia, eller t.o.m. delta i en FN-
>sanksjonert aksjon -- enn det har vært tidligere. Australia anerkjente f.eks.
>i sin tid Indonesias anneksjon av Øst-Timor. USA støtta invasjonen, og
>aksepterte Indonesias folkemord. Slike ting er vanskeligere å slippe unna
>med idag.
>
>Om verden tross alt har gått noe framover i den forstand at Indonesia idag
>ikke kan ture fram slik de har gjort tidligere, vil vi måtte vente enda
>noen dager for å oppsummere. Karsten VJ sin oppsummering er for bastant på
>dette tidspunkt. Hvis grusomhetene får pågå uforstyrret tre-fire dager til,
>derimot, vil jeg tendere til å gi ham rett i denne saka.

Du har nok rett i dette, men eg kan samstundes forstå Karsten si fortvila,
eller bastante haldning. For det er ikkje til å koma bort frå at syndene har
vore store i samband med det som har skjedd i Aust-Timor dei siste åra.
Eksplosjonen av vald og terror som verda no "makteslaust" sit og ser på, er
nok eit gjallande nederlag for FN og det internasjonale samfunnet. Ingen kan
seia at det som skjer kom overraskande, for forvarsla var mange og
alarmerande alt frå første dag av. Trass i dette aksepterte FN å organisere
ei folkeavstemming utan militært og politisk å sørgje for tryggleiken til dei
aust-timorske veljarane. FN sørgde ikkje ein gong for tryggleiken til sitt
eige uvæpna personell...

Timor er eit internasjonalt problem, kanskje enda meir enn Kosovo var det då
Nato gjekk til aksjon i vår. Likevel sit Vesten og glanar. Me kjenner
årsakene til dette, men det gjer det ikkje mindre skandaløst.

Sidan 1975 har FN de facto levd med eit fait accompli utan å godkjenne det,
men også utan å gjera så mykje for å endre det. FN sende Unamet, 900 uvæpna
funksjonærar og politifolk, og 4500 lokalt tilsette, utan ein militær
FN-styrke med klårt mandat for å forsvare desse. Det er den same historia
som me har sett andre stader, nok ein gong...

Når ein samstundes høyrer kviskringa til dei vestlege leiarane, like etter
krigen i Kosovo, når ein ser korleis dei vrir på seg og tydeleg ikkje VIL
gjera noko, blir alle mistankar stadfeste, og ei form for forakt tek over.
Den gamle forakten ein i alle år har kjent i høve til imperialistmaktene.

Jorge Sampaio, den portugisiske presidenten, proklamerer at "FN sin
prestisje står på spel", medan sjefen for det britiske Foreign Office, Robin
Cook, på flegmatisk vis seier at Indonesia ikkje handlar i samsvar med talen
sin... for straks å leggja til at ingen i verda er viljuge til gripe inn med
makt i Aust-Timor! I førre veke sa den amerikanske representanten i
Tryggingsrådet at det var "for farleg" å sende FN-styrker...

Kva kan ein gjera? Ein kan skrika opp, sende ut pressemeldingar og
proklamasjonar, men det hjelper diverre lite. Maktesløysa er like stor i
dag som i går, om ikkje større. Ein får prøva å halda fram i det små. Ein
får prøva å stikka kjeppar i systemhjula så godt ein kan. Ein får prøva å
oppdra borna sine på ein måte som gjer dei immune mot løgnene og humbugen i
den "moderne" verda. Ein får prøva å vera eit eksempel. Om ein kan, får ein
prøva å hyra seg til teneste i humanitære organisasjonar. Sjølv om det ikkje
forandrar så mykje, forandrar det litt for nokre få, og det er i det minste
eit resultat. Noko å vise til.

Elles er det vel ikkje så mykje å leggja til om den skrikande, urettferdige
kynismen til desse få hyklarane som styrer livet til milliardar av menneske,
og som nok ein gong, på ein eller annan måte, blir nøydde til å ro seg til
lands att. Du har rett, Trond, i at verda går framover i den forstand at dei
ikkje kan ture fram *heilt* som før. Men framleis er det dei uskuldige som
druknar.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr