Re: Øst-Timor og Vollebæk

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Tue, 7 Sep 1999 09:43:30 GMT

Den 6. september 1999 skreiv Knut Rognes:

>KK-Forum,
>
>Vollebæk uttalte i morges på NRK P1 at "internasjonalt nærvær i Øst-Timor
>forutsetter samarbeid med Indonesia". Så forsiktig var han ikke i
>Jugoslavia / Kosovo.
<klipp>

Ein skinheilag replikk, som kanskje berre representerer ei rådande, men
vonaleg forbigåande "folkerettsleg" forvirring.

Eg er sjølvsagt samd med Rognes og andre i at dette ikkje er akseptable
greier, men det får meg til å tenkje på eit anna fenomen. Under Golfkrigen
for nokre år sidan blei vestmaktene kritiserte for ikkje å gripe inn i
krigen i Bosnia like energisk som i Irak. Dette blei mellom anna
forklart med att Bosnia ikkje hadde same "strategiske" interesse som
Gulfområdet...

Nokre år seinare, ved Nato-intervensjonen i Kosovo, hadde den
"strategiske" situasjonen av ein eller annan grunn endra seg, i det minste
for deler av "venstresida": Desse som sit på gjerdet, eller hyler opp alt
etter som det passar inn i det "progressive" verdsbiletet.

Folkeretten, slik han er definert av FN, blir kvar dag broten mange stader i
verda. Han blei og blir broten i samtlege diktaturstatar, under
"sosialistiske" og i fascistiske regime. Han blei broten i Irak/Kuweit, i
Bosnia, i Kosovo, no i Aust-Timor, og i mange år i Afganistan, den store
"gløymde" massakren.

Det er ganske forunderleg at Rognes no kastar seg utpå att like i kjølvatnet
av krigen i Kosovo for å forsvare "vestmaktenes moralske ansvar"... og ein
eventuell intervensjon i Aust-Timor. Men han har sjølvsagt rett. Kven andre
enn vestmaktene er i stand til å gripe inn i kaoset og terroren som langsamt
har bygd seg opp i dette vesle landet?

Fleire titusen menneske (60.000?) er tvangsdeporterte til Vest-Timor og fleire
tusen er drepne dei siste to-tre dagane. FN-personell og andre
internasjonale hjelpeorganisasjonar blir jaga. Det går sjølvsagt an å setje
seg på gjerdet att, og vente på nok ein FN-resolusjon, men neppe ein
FN-intervensjon.

Australia, som i si tid godtok den Indonesiske annekteringa av Aust-Timor,
freistar no å stable på beina ein internasjonal styrke saman med USA og New
Zealand. Men liksom Vollebæk vil dei ha indonesisk godkjenning. Det
australske forslaget om ein internasjonal fredsstyrke blei i går nok ein
gong avvist av den indonesiske utanriksministeren, Ali Alatas.

For å halda alle portar opne seier den australske statsministeren, John
Howard, at det er aktuelt å lansere ein "redningsaksjon" dersom australske
borgarar blir truga. 170 australiarar arbeidet for Unamet, og er nok like
truga som anna personell i området...

Ein slik styrke kunne setjast inn ganske raskt ettersom 15 000 australske og
7000 amerikanske soldatar nett no deltek i ei militærøving i Queensland.
Problemet er den "folkerettslege" somlinga som Australia (og Vollebæk)
representerer, og som likeins "krigsmotstandarane" for nokre månader sidan
forfekta...

Denne konflikten problematiserer oppropet mot "nye" NATO. Det internasjonale
samfunnet, med Vesten i spissen, står nok ein gong framfor eit "moralsk"
dilemma. For meg er valet klårt nok. Eg forsvarer ein internasjonal aksjon i
Aust-Timor utan omsyn til "opphav", liksom eg forsvarte Nato-intervensjonen
i Kosovo, liksom eg på same vis er viljug til å forsvare internasjonale
aksjonar mot folkerettstridig terror og undertrykkjing andre stader. For meg
er slik "innblanding i indre konfliktar" eit framskritt, ei konkretisering
av folkerettslege idear. Kva er alternativet (-a)?

Ein kan sjølvsagt gestikulere, og peike på den inkonsekvente haldninga til
dei tidlegare kolonimaktene, trekkje fram syndene frå fortida. Ein kan
diskutere historie i vekevis. Sjølvsagt var dette "predictible", for å nytta
eit av Rognes sine nøkkelord i diskusjonen om Kosovo. Men heile denne
oppramsinga som han siterer frå znet, er velkjent og meir eller mindre
typisk for store deler av den postkoloniale verda. Det finst mange
"vanskelege" situasjonar, mange "moralske" dilemma. Etterpåklokskap og
skinheilagdom er berre polemisk brensel. Medan det brenn, blir ein gåande i
ring...

Det skal bli interessant å sjå kva denne situasjonen kjem til å resultere i,
og kva slag krumspring ein no skal få servert her på forumet. Førebels er
det dødsens stille... knapt nok referering av "fakta".

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr