Re: Opprop mot NATOs nye rolle?

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Mon, 5 Jul 1999 12:50:05 +0200 (CEST)

Trond,
sjølv om vi er usamde om vurderinga av krigen på Balkan, finn eg det
merkeleg at du reagerer på den setninga du har trekt fram. Uansett om du
meiner at Milosevic' åtak på folk i Kosovo var verre enn NATO sine åtak på
Jugoslavia kan du då ikkje nekta for at det er eit døme på NATO sin nye
strategi, og at det førte til "enorme skader på mennesker og miljø"?

Såleis vil du kunne skriva under på oppropet UTAN å skifta syn på
Balkan-krigen. For min del meinar eg at det er viktig at denne passusen
står der, av di det er den siste krigen som gjer dette spørmålet aktuelt.
Mi røynsle er at luftkrigen mot Jugoslavia har fått mange folk til å vera
mot NATO som kanhende ikkje hadde vore det ellers. Det er vel blant dei
einaste lyspunkt - dei imperialistiske eventyra til USA & co. fostrar i
det minste auka opposisjon i heimlanda...

Paal Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel