ARBEIDSKONFLIKT?

Svein Lund (sveilund@online.no)
Tue, 14 Oct 1997 20:02:10 +0200 (MET DST)

ER KAMPEN OM KLASSEKAMPEN EIN ARBEIDSKONFLIKT?

I ei rekke innlegg både frå klubben, einskildjournalistar og utaforståande
blir kampen om Klassekampen omtalt som ein arbeidskonflikt.
Som industriarbeidar, som lærar, som faglig tillitsvald, som
frilansjournalist og KK-lesar har eg vore borti ein god del
arbeidskonfliktar. Men eg kan ikkje med mi beste vilje sjå at dette kan
kallas ein arbeidskonflikt. Det har ikkje vore snakk om å sparke nokon anna
enn bedriften sin daglige leiar. Ingen journalistar eller andre tilsette har
vore truga med verken oppseiing, permittering, lønnsnedsetting eller
forverra arbeidsforhold på anna vis.

Det er naturlig at redaksjonsklubben i ei avis er engasjert i ka slags avis
dei gir ut. Men om dette har dei faktisk ikkje meint noko som helst, anna
enn at dei er usamde i det dei trur Jon Michelet og / eller AKP vil med avisa.
Eg kjenner ikkje meiningane til kvar av journalistane i dag, men trulig
seier dei ikkje noko felles om dette fordi dei rett og slett ikkje har noko
felles syn på ka slags avis dei vil ha.
I staden for å gå inn i diskusjonen er det da lett å ty til omgrepet
"arbeidskonflikt" fordi dei aller fleste av Klassekampen sine lesarar har
eit klassestandpunkt og ei klassekjensle som gjør at dei automatisk vil
stille seg på "arbeidsfolka" si side.

Ei sak som er sagt lite om er kordan og korfor Klassekampen har fått ein
slik klubb. Her har fleire gonger på KK-forum vore påvist at ved
tilsettingar har ein sila ut folk som er politiske aktivistar for det
grunnsynet som er uttrykt i Klassekampen sin føremålsparagraf. I tillegg har
mange journalistar som har arbeida etter dette grunnsynet dei siste par åra
slutta i Klassekampen eller søkt permisjon. Redaktøren har istaden
konsekvent tilsett dei som var samde med han eller som i alle fall ikkje
støtta kritikken mot utviklinga i avisa. At ein da får ein redaksjon der
fleirtalet ønsker redaktøren si linje kan ikkje forundre nokon.

Sjølv om eg ikkje er samd med dei, har eg full respekt for det synet at
Klassekampen bør vere ei brei avis som ikkje meiner noko som kan støte
f.eks. SV, og som prioriterer kulturstoff frå det intellektuelle
Oslo-miljøet framfor å skildre livet og kampen til arbeidsfolk rundt i
landet. Det er eit ærlig standpunkt. Men da må dei som står for dette komme
fram og ta den politiske diskusjonen om ka slags avis ein vil ha. Eg har
ikkje respekt for at dei istaden pakkar dette inn i anti-kapitalistisk
retorikk om arbeidskamp og kamp mot "eigarinteressene". Eigarinteressene til
Klassekampen har faktisk som mål å gi ut ei revolusjonær dagsavis, ikkje å
skape seg profitt på grunnlag av utbytting av journalistar,
sentralbordbetjening, vaskarar og andre arbeidarar.
Når nokre no framstiller dei som framleis vi ha ei revolusjonær avis som
forrædarar mot arbeidarkollektivet i avisa og folk som går klassefienden
sitt ærend, går det så over alle grenser i å snu verda opp ned at eg ikkje
finn ord.

I mi korte karriere som journalist og lange som ubetalt / underbetalt
frilansjournalist har eg sett at det å drive journalistikk både kan utvikle
gode og dårlige eigenskapar hos menneska. Det er eit stort privilegium og
eit stort ansvar å skulle formidle hendingar og haldningar, å skulle gi oss
lesarar "solid bakgrunn for egne meninger", som Aftenposten seier. Skal ein
kunne gjøre det på ein måte som tener arbeidsfolk, krev det at ein er
audmjuk og innser at det er dei som har skoen på som veit kor han trykker.
Derfor må ein behandle dei ein skriv om eller intervjuar, og ikkje minst dei
som ønker å bidra til avisa med respekt. Derfor må og journalistar
rekrutteras frå eit miljø som kjenner arbeidsfolk sin situasjon rundt i
landet, og dei bør halde kontakt med miljø utafor kultur"eliten" på
Tostrupkjellaren og Ryktebørsen eller ka det no heiter inne i Oslo.

Ein av dei avhoppande journalistane klaga over at han mista arbeidsplassen
sin etter 27 år. Sjølv om han har skreve mye bra gjennom tidene trur eg både
han og avisa kan ha godt av at han får prøve seg på ein arbeidsplass der han
får litt nye impulsar. Det bør ikkje vere noko mål verken for journalistar
eller for den saks skuld for andre å vere i samme jobben til ein får Kongens
fortjenestemedalje for lang og meir eller mindre tru tjeneste.

La oss håpe at nye kostar vil feie best, vi er i alle fall mange både nye og
litt brukte kostar rundt om som gjerne brettar opp armane og bidrar.

Svein Lund