Michelet

Sigurd Eliassen (sigurde@spjelkavik.vgs.no)
Tue, 14 Oct 1997 16:25:40 GMT

Ja, så kan vi glede oss over at styret i Klassekampen på demokratisk
vis har tilsett Jon Michelet som redaktør - mot den rabiate
antikommunistiske støyen frå klubbformann Tranøy og andre. Eg vonar
med dette at straumen med antikommunisme kan tørke ut i Klassekampen
sine spalter. Som abonnent sidan 1973 - ein kategori Helgheim ved
fleire høve har kasta skit på - ser eg lysare på framtida til avisa
enn på lenge. At dei verste antikommunistane sluttar, trur eg faktisk
vil gagne avisa.

mvh
Sigurd Eliassen