samlande kandidat?

Svein Lund (sveilund@online.no)
Fri, 10 Oct 1997 11:09:32 +0200 (MET DST)

SAMLANDE KANDIDAT?

Redaksjonsklubben og andre av tidligare redaktør Paul Bjerke kjører no fram
at ein må finne ein redaktør som alle partar kan godta. Men denne kan ikkje
vere Jon Michelet fordi han allereie er "kompromittert" gjennom måten han
blei lansert på.
Eg er ein av dei mange som reagerte mot måten dette skjedde på. Dette var
grunnen til at eg ikkje ville skrive under på oppropet for Jon M. før dei
andre kandidatane var kjente.
Når dei no er kjente må dei vurderas på sjølvstendig grunnlag ut i frå ka
dei står for. Kritikken mot den linja som avisa har utvikla dei siste åra
har no vore så overveldande at det må vere klart at denne ikkje kan
fortsette. Grunnen til at Paul Bjerke måtte skiftas ut var at han verken
ville endre politikken med ei dvask avis for Oslo-intellektuelle eller delta
i ein diskusjon om ka avisa skulle vere. I heile denne prosessen har han
ikkje kome med noko signal om at han kunne tenke seg ei anna utvikling av
avisa, eller at skrivande lesarar skulle kunne vante seg anna behandling enn
søppelkorga i framtida.
Slike signal har heller ikkje kome frå verken redaksjonsklubben eller nokon
av redaktørkandidatane med unnatak av Jon Michelet. Eg er derfor redd for at
å tilsette ein av dei vil vere å seie at all kritikken har vore bortkasta,
og at vi like godt kunne ha fortsatt med Paul Bjerke.
Forstår dokker ikkje at vi som i årevis har kritisert utviklinga i avisa og
kjempa for å rette ho opp (det byrja vi med lenge før AKP-leiinga kom på
banen), vi kan ikkje godta ein redaktør som vil fortsette den linja som har
vore i ferd med å kjøre avisa nedenom og heim, både politisk og økonomisk.
Skal klubben og redaktørkandidatane ha eit truverdig alternativ må dokker
diskutere politikk og lansere ideane dokkers for Klassekampen som politisk
prosjekt! Når eg såg at redaktørkandidatane anten står for samme linje som
Paul Bjerke eller enno verre, eller dei held kjeft, såg eg, trass i dei
innvendingane eg har, ikkje anna alternativ enn å støtte Jon Michelet.

Svein Lund