gamal graut...

Magnus Marsdal (marsdal@feskar.net)
Thu, 9 Oct 1997 22:26:01 +0000

Heisann folkens (og Odd!).

Eg har likt godt at det har vore noko konkret ordskifte om kva KK bør
satsa på og korleis, her på KK-forum i det siste. sjølv har eg lite
å melda, utover det eg har meldt før. men det kan eg jo melda ein
gong til? til glede/angst for nye lesarar, og som eit gjen syn med
Debatten som var før Krigen, for dei som har vore her lenge.

Eg har to gamle innlegg. Det fyrste heiter Framvegar for
Klassekampen, og er eit svar på delar av Nærstad/Bjerke sitt
strateginotat.

Det andre er eit av dei aller fyrste (det fyrste?)
innlegga i "kulturdebatten". Det mange ikkje veit, er at
utgangspunket for dette innlegget og fleire av
kultursidekritikk-initiativa som kom den gongen IKKJE var meint som
nokon "prosess" mot Røsaak, faktisk tvert om! Det var sjansen til å
koma i DIALOG med ein NY kulturredaktør som var utgangspunktet, vi
var altså POSITIVE til Røsaak, og trudde på endring i avisa. Deretter
tok det jo litt av då... Men eg trur serleg AKP hadde berre godt av
at det vart litt harde tak og klåre meldingar frå Røssaak, det vart
ei slags "oppvakning" trur eg.

Og no er det snart styremøte. Og Helgheim har stilt ultimatum. I lag
med ein god del andre i avisa. Faen, heller, det er jo snakk om å få
JON MICHELET som redaktør. Det er ikkje SÅ ille. Det er eigentleg
heilt absurd: Journalistar i avisa stiller ultimatum mot nye
redaktørar, så lenge dei er "eigarane sin kandidat". Har det nokon
gong vorte tilsett ein avisredaktør som IKKJE er eigarane sin
kandiat??!! Det er jo gjenom å tilsetja redaktør at eigarane kan
utøva eigarskap over avisproduktet, fyrst og framst. Og så skal det
IKKJE vera legitimt å setja inn ein redaktør eigaren trur vil stå for
mykje av det eigaren ynskjer ein redaktør skal stå for? Det er jo
heilt utruleg!Eg veit ikkje kor NYTTIGE vi er, vi som tek del i debatten/krigen på ulike sider,
men eg trur ikkje historia vil dømma JonM som den største IDIOTEN
her.

Jaja, nok babling om den tragiske stoda, attende til saka; desse
gamle innlegga om det vi eigentleg diskuterer: Framvegar for
Klassekampen og innhaldet i avisa. Det fyrste innlegget kjem her,
kulturkritikken i neste e-post.

Hei då!

Mingus

FRAMVEGAR FOR KLASSEKAMPEN?

Eg veit eg ikkje akkurat har ein redaktør eller styreleiar si tyngde i
orskiftet, men eg skriv litt likevel.

Eg trur det er slik at ei revolusjonær dagsavis ikkje kan overleva på
vanlege "marknadsvilkår". KK er avhengig av ulike former av frivillig
støtte. Pengegåver, gratis skribentar og fotografar, aktivistar som
sel og deler ut avisa (marknadsføring) og folk som synest det er vits
i å gje si "sak" til KK sjølv om andre aviser har større opplag.
Truleg er vi alle samde om dette premisset for ordskiftet: KK kan
ikkje overleva ved "vanleg" avisdrift, overlatt til marknadens lover.

Då er vi kanhenda òg samde om dette premisset: All vettug strategi for
KK må leggja vekt på å styrka og utvikla dei "gratis" sidene ved
avisdrifta. Eg trur detta kan vera vanskeleg for 45-åringar som har
sett aktivismen gå frå 10 til 100 og så gradvis ned til 3. Etter ei
slik utvikling blir truleg konklusjonen lett at denne hesten
(aktivistar og slikt) har slitt seg ut og at det er galskap å satsa
meir på han. For oss som er Unge&Ivrige revolusjonære ser det kanhenda
litt annsleis ut; vi ser meir av potensialet for framtida og mindre av
tilbakegangen i fortida.

Uansett: Er det slik at KK i dag er tilstrekkeleg innretta på å
utnytta det potensialet for gratis arbeid og aktivisme som finst? Er
det slik at dei strategiane som er under planleggjing legg
tilstrekkjeleg vekt på dette, i tråd med premisset at ei revolusjonær
dagsavis ikkje vil overleva utan tiltak som "lurer marknadskreftene"?
Legg ein opp til å kunna fanga inn nye aktivistar og styrka
gratisarbeidet mykje, dersom det går slik eg (og ein god del andre)
trur; at vi om nokre år har ein god del revolusjonære studentar og
andre aktivistar som ynskjer å samla inn streikestøtte og selgja den
revolusjonære dagsavisa på gater, torg, universitet og arbeidsplassar?

"Det er berre mas og ekstraarbeid med dette stoffet utanfrå". Sitat
ein av KKs gode journalistar. Eg trur han har heilt rett, for folk som
stressar for å få ferdig tinga sine til morgondagens KK blir det ei
ekstrabelasting og eit framandelement når det kjem i inn tekstar som
må friserast ein del før dei prentast. Altså er det truleg ikkje lagt
til rette for slikt godt nok, i alle høve ikkje på nyhende-sida. Ein
fyr som studerer kultur og nokre greier i Australia meldte seg til
frivillig teneste i november, og er tilgjengeleg via e-post, han har
ikkje høyrd noko enno. Då eg ville skriva om ei samling av
bondopprørarar på Dovre, svarte kulturredaktøren at dette truleg ikkja
hadde med kultur å gjera, og dessutan hadde ho ikkje så mykje pengar
att på freelance-budsjettet. Dåeg sa at eg skreiv gratis vart det litt
rar stemning, trur eg. (Red. Bjerke tok derimot mot artiklen på heilt
framifrå vis, slik eg opplevde det.) I summen av slike hendingar finn
vi svaret på om KK er godt innretta på å ta imot gratis stoff utanfrå
eller ikkje. Eg trur det kan bli mykje betre.

Vil KK ha aktivistane?
I tillegg til problem med ressursar/prioritering, trur eg det finst
eit problem med motvilje. Det finst truleg for mykje
"profesjonalisme", altså at medarbeidarar ser det som litt "feil"
eller "uprofft" å ta inn gratis stoff utanfrå. "Dette er ei
profesjonell avis, ikkje ei leikegrind for enøyde aktivistar", er vel
ikkje eit utenkjeleg utsagn frå delar av redaksjonen. I alle høve har
KK ein biletesjef som meiner at "å hete Klassekampen år man skal lage
dagsavis i 1996 er som å prøve å svømme med en møllestein rundt
halsen". Han seier og at "hvis du tror dette er en revolusjonær avis
har du kommet feil". Dette er i og for seg greit å melda, men eg er
ikkje sikker på at det er det beste utgangspunktet for å få i stand
ein "infrastruktur" som gjer det mogleg for unge aktivistar å få inn
bilete frå demonstrasjonar etc. til KK raskt er å ha ein
antirevolusjonær biletesjef.

Eg meiner desse "småtinga"; organisering og haldningar i redaksjonen
handlar om kva retning avisa skal gå i.

Poenget med "gratis" arbeid er dessutan ikkje berre at det er gratis.
Dersom eit nett av skriveføre folk kring heile landet og i utlandet
blir (vidare)utvikla og brukt aktivt, vil det styrka KK si evne til å
skriva om dei viktige sakene som ingen andre skriv om (t d fordi dei
foregår utanfor Oslo).

Vil aktivistane ha KK?
Men sjølv om vi skulle avklåra spørsmålet om KK vil ha aktivistane,
står vi framleis att med spørsmålet om aktivistane vil ha KK. Dette
handlar om politisk profil og stoffprioritering. Her er eg i mykje
samd med det PM Johansen skriv. Problemet til KK er ikkje fyrst og
framst manglande kvantitet men kvalitet. Klassekampen er ikkje
tilstrekkjeleg "alternativ", ting er ikkje krasse nok, og det er for
mykje spekulasjonar om Sentrum-97-regjeringsalternativet, som
plasserer seg godt innafor dei råmene trua på borgarleg
parlamentarisme set for pollititisk tenkjing. Eg trur ikkje KK lever
opp til nye abonnentar sin førestilling om Den Raude Avisa, dermed
blir gjennomtrekken for stor.

Det går ikkje an for meg å stå på gata og selgja ei avis kor ein av
redaktørane skriv kosestoff frå den intellektuelle sosieteten i USA,
der det syner seg at Harold Bloom og Camille Paglia (som er veldig
"utfordrande" og "spanande" fordi ho hevdar at kvinner som går i
parken om natta YNSKJER å bli valdtekne! wow! ei reaksjonær dame som
kalllar seg femininst - hm - her må gamle dogmer gjennomtenkast ja) er
nære venar (KK sist laurdag). Eit framhald av direkte politiske
provokasjonar mot den revolusjonære rørsla, utan at noko nytt eller
kritisk bringast til torgs, meiner eg er å oppfatta som medviten
sabotasje mot KK som revolusjonært prosjekt knytt til venar og
aktivistar. (Eit døme på politisk kulturjournalistikk, KK 20.01.97;
Osman Kibar intervjuar filmskapar om Irlandsfilm, og ver veldig
bekymra for at heroisering av Michael Collins (drept 1922) skal gje
folk eit posistisvt syn på IRA i dag: "Er det ikke en fare for at folk
sammenblander det som skjer i dag med de historiske hendelsene du
skildrer ved å lage en slags sammenheng mellom fortidens heroisme og
IRAs aktiviter i dag?" Og: "Er ikke filmen likevel en kanonisering av
republikanske terrorister, en historisk annerkjennelse av dagens
voldsmenn?" Per Egil Hegge bør merka seg dette kulturjournalstiske
talentet, og Irlands-aktivistar med machosistiske tendesar kan la væra
å seia opp abonnementet på KK.)

Eg meiner det er ei klår motseiing mellom ein strategi for KK som tek
utgangspunkt i at avisa er avhengig av innsats frå politiske "venar"
og ein (for stor) del av stoffet, serleg på kultursidene. Slike
motseiingar bør løysast.

(....)

Kva er avisas kjerneprodukt?
Til slutt, eit bed.øk.-aktig resonnement som eg har trekt fram ved
fleire høve utan at nokon har kommentert det. Det er faktisk 100 %
seriøst:

KK er eit nisjeprodukt, ei nisjeveksemd (-bedrift). Skal ei
nisjeverksemd overleva og styrka seg på marknaden, er det viktig å ha
klårt frå seg kva som er kjernekompetansen til verksemda, altså kva
ein har som er spesielt og gjer at ein har livets rett mellom
konkurrentar som er mykje større og rikare. Ein må vita kva som er
kjerneproduktet, bygd på denne kjernekompetansen. Ei nisjeverksemd som
ikkje styrkar og vidareutviklar kjernekompetansen og kjerneproduktet,
vil mista "grepet" om si nisje, og dermed mista livets rett.

Kva er så kjernekompetansen til KK? Kva svar ein har på dette
(føresett at ein bryr seg om dette med nisje, kjerneprodukt etc.) vil
avgjera kva ein meiner er riktige satsingar for KK. Sjølv meiner eg at
kjernekompetansen, omtrent, er forståinga av imperialismen, av Noreg
som eit klassesamfunn, av klasestaten og sosialdemokratiet si rolle,
av dei intellektuelle si rolle i klassekampen og av
kvinneudertrykkjinga si samanveving med kapitalismen. Kjerneproduktet
vil då vera avisstoff som er bygd på, framfører og utviklar desse
analysene, konkret i det daglege nyhende-biletet og i bakgrunns-stoff.
Sjølvsagt vil KK alltid innehalda ein masse stoff bygd på annan slags
kompetanse, men vi snakkar her om kva som er Kjerneproduktet.
Kjernekompetansen bør finnast på så mange område av avisa som mogleg,
ikkje minst på kultursidene.

Kva tyder det då å "styrka og vidareutvikla" kjernekompetansen i KK?
Mykje rart sikkert, men det handlar om kven ein ynskjer å tilsetta, om
mykje meir politiske ordkifte i redaksjonen, om klårare politisk
profil, om å gje nye abonnentar noko som i større grad tilsvarer ideen
om den Alternative og Raude avisa. Eg oppfattar det slik at strategien
lagt fram av redaktør og styreleiar legg alt for lite vekt på styrking
og utvikling av kjernekompetansen som avgjerande for framtida til
produktet Klassekampen. Eg meiner at dette handlar om å gripa
nøkkelleddet, og at morgonombering, ny bladbunad (layout), fleire
sider osb. er diskusjonar som kjem etterpå.

Magnus E. Marsdal

--- P t o t h e P ---