Ein ny mulighet Lars

Olve Steinset (olves@online.no)
Tue, 07 Oct 1997 20:57:49 +0100

Lars Staurset
Slike diskusjonar som du no legg opp til Lars er ikkje noko anna enn tøys.
At du ikkje orkar å ta med deg, anna enn stykkevis og delt, det som vert
debattert - ja, det får du bæra som ditt eige problem og ikkje freista på
så billege triks, som det du no legg opp til, i rettsle for riper i eige
skinn!
Jon Hareide Aarbakke freista seg med billeg retorikk, som svar på mitt
innlegg "Avis for folk", han fekk eit svar frå meg med like banalt innhald.
At korkje du eller Jon Hareide Aabakke har mot nok til å ta stilling til
innhaldet i det eg påpeikar i Gunnar Furuhaug sitt innlegg i Klassekampen 4
oktober, men i staden freistar å gøyma dykk i eit "retorisk mørke", lyt eg
sjølvsagt berre ta til etterretning.

Likevel du skal få ein sjanse til Lars og vise kva du er god for, nedanfor
finn du mitt første innlegg "Avis for folk". Er du samd med Gunnar Furuhaug
i det eg har sitert han på?

Avis for folk
Gunnar J. Furuhaug (ein elles likandes kar eg kjenner) gjev i Klassekampen
laurdag 4 oktober ei interessant historisk oppsummering frå si tid som
marknadssjef i avisa. Det som gjer den interessant er at den i klartekst
fortel kva slags politiske prioriteringar som har lege til grunn for
"marknadsføringsstrategien" desse åra. Eg skal ikkje dra utleggingane hans
etter "håret", berre rette merksemda mot noko av det han skriv. Han skriv
følgjande: "Utviklinga av avisa må sjølvsagt tuftast på eit grunnsyn, men
må få sitt endelege uttrykk i dialog med markedet. ............... Når man
vektlegger dette blir man møtt med at man ikkje skal legge seg flat for
markedskreftene. Tøv. Avismarkedet er folk."

Merk dykk dette alle de som har snakka så varmt for eit kompromiss. Det
Gunnar her faktisk seier, og utan atterhald, er at avisas grunnsyn til ei
kvar tid skal tilpassast avismarknaden - som då er folk, som han skriv.
Kva for ein del av avismarknaden og kva for ein del av folket tek han ikkje
stilling til. Eg går derfor ut frå at slike omsyn skal ein ikkje ta - eit
nytt namn på avisa hadde vel då ikkje vert så heil ute av vegen.
Klassekampen kan fort virke noko støytande på somme, "venstresidas
dagsavis" er og noko ekskluderande for nokre. Derfor vil eg ovanfor Gunnar
foreslå eit namnebyte til Samlekasse - heile folket si dagsavis!

IKKJE POKKER OM HER ER NOKO GRUNNLAG FOR KOMPROMISS!!!
Du har ein jobb å gjera J. Michlet!!

MHH Olve Steinset