RE: Avis for folket, etc

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Tue, 7 Oct 1997 08:30:34 +0200

Svar til Olve Steinset, som skreiv:

>Lars Staurset er sikkert ein klok mann, men så klok at han kan sei noko om
>mine haldningar, utan ein gong å kjenne meg, trur eg no ikkje han er. For å
>skjøna kvifor det er skadeleg for Klassekampen at eg ikkje driv ei
>konkurrerande avis, må ein og sikkert vere ein tenkjar av Lars Staurset
>sitt kaliber for å fatta. Nei, eg driv ikkje avis, og har ingen planar om å
>gjera det - det er heller ikkje det denne debatten handlar om! Det den
>handlar om er å berge avisa Klassekampen.

Nei no, Olve, les du meg verre enn f... les B... I det forrige innlegget
ditt svara du på spørsmål frå Jon Hareide Aarbakke:
>finst det nok abonnentar til
>Olves avis?

Du svara:
>Nå ja, no driv ikkje eg nokon avis, og har derfor ikkje så store problemar
>knytt til abonnentar...

For å ta det med teskei: Aarbakke siktar sjølvsagt ikkje til ei avis
utgjeven av Olve Steinset personleg, men til avisa Klassekampen med den
profilen Olve Steinset ønskjer. Svaret ditt tolkar eg som at du legg
lita vekt på at KK (uansett profil) må ha nok abonnentar for å greie
seg. På det svarar eg at
>Dersom slike haldningar får rå, er KK verkeleg i stor fare

og det står eg fast ved. Har du andre slags haldningar til
abonnementsspørsmålet, så får du heller gjere det klårt.

Vidare skriv Olve:
>Derfor Lars, er det sikkert fleire enn eg som er interessert i å høyra kva
>du meinar om innlegget til Gunnar J. Furuhaun i avisa laurdag 4 oktober,
>enn kva slags haldningar eg har som ikkje har starta avis endå. Eller vert
>dette for vanskeleg og kompromitterande for deg å taka stilling til?

Eg har stor respekt for det Furuhaug skriv. Han har jobba i fleire år
med å skaffe abonnentar og seljarar til KK, og folk med røynsle frå
praktisk arbeid skal ein høyre på. Likevel håpar eg han er for
pessimistisk når han skriv: "Mange debattanters løysing på dette er at
dersom Klassekampen no blir 'skarpare' og meir 'revolusjonær', så står
det masse vener av avisa klar til å selge den. Dette er så feil som det
kan få blitt!"

I denne debatten er det mange på "formålsparagraf-sida" som har lova
stor innsats i sal og verving dersom avisa får ein betre profil. Kvifor
ikkje ta dei på ordet, men samstundes la vere å trakke på tærne til dei
mange som ønskjer ei uavhengig avis med variert stoff og brodd i fleire
retningar? Eg meiner det går an å få både i pose og sekk her, og er det
nokon annan måte KK kan overleve på?

Lars Staurset