Re: Kompromiss

Olve Steinset (olves@online.no)
Fri, 03 Oct 1997 13:44:27 +0100

OK, Rune Soma du går inn for eit kompromiss. Eg er då ein av dei som ikkje
gjer det, ikkje i spørsmålet om kven eg vil ha som ny redaktør. Om det kjem
av at eg ikkje har betre vett, får stå sin prøve - sjølv trur eg no at eg
både er eit reflekterande og tenkjande menneske, og at forstanden min er på
line med resten her på forumet. Nok om det.

Det eg saknar i argumentasjonen din, og andre som går inn for kompromiss,
er kva de legg til grunn for dette kompromisset, ut over dei spådommane de
kjem med når det gjeld avisas utvikling med J. Michlet ved roret. Derfor
spør eg: Kva er kriteriet for eit eventuelt kompromiss slik du ser det? Eg
reknar med at du har lese Klassekampen i dag, med referat frå
redaksjonsklubben sitt vedtak på klubbmøte onsdag. Ikkje særleg mykje
kompromiss vilje å spore her ettersom eg kan sjå.

Slik eg oppfattar dette vedtaket så har klubben alt fått sine kandidatar
blant søkarane. Eg tak redaksjonsklubben sitt vedtak på alvår, også det dei
legg til grunn, som premiss for å sei at søkarane har kvalifisert seg, i
høve til punkta 1, 2, 3 og 4 i vedtaket.

Er du samd i at eit eventuelt kompromiss må innehalde kva som skal vere
avisas profil frametter og at til grunn for denne profilen må leggast
avisas eigen formålsparagraf, at den nye redaktøren må kjenne seg forplikta
til å gjennomføre dette? Dersom du er samd i dette kven av søkarane meinar
du vil kunne ta på seg denne oppgåva utanom JM? Dersom du er usamd i dette,
kva meinar du då skal være det konkrete innhaldet i kompromisset?

MHH Olve Steinset

At 11:32 03.10.97 +0100, you wrote:
>Roar Madsen skriver:
>
>>Rune Soma etterlyser kompromiss i redaktørspørsmålet, og meiner at fleire av
>>søkjarane burde vera "felles og samlende".
>>Greidt nok: Kven er det du meiner Rune?
>
>Både Kjell Gjerset og Bente Thoresen burde kunne være samlende kandidater.
>Eva Tønneson synes jeg sjøl var en spennende kandidat, men intervjuet med
>henne i Aftenposten har vel umuliggjort at hun kan få støtte fra begge
>parter. Og som sagt: Dersom ingen av de nåværende søkerne er samlende nok,
>bør stillingen utlyses på nytt.
>
>>So trur eg nok at Rune køyrer litt raskt i svingane når han slår fast at
>>ingen vil kjøpa aksjar med Michelet som redaktør....
>>På måloppropet for KK garanterer eg at det står minst 10 nye aksjonærar med
>>Michelet som redaktør. Sjølv om han er riksmålsmann...
>
>Litt raskt i svingene, OK. 10 aksjer her og 10 aksjer der, OK. Det KK
>trenger er imidlertid en SOLID kapitalinnsprøyting. Og da må alle gode
>krefter mobiliseres. Mange av disse vil si farvel dersom man ikke finner en
>samlende redaktørkandidat. En løsning som støter bort minst halvparten av
>avisas venner er ingen god løsning. Enig?
>
>Jeg er fullt ut villig til å gå med på at Jon M. UNDER ANDRE OMSTENDIGHETER
>kunne bety et løft for KK. Men nå tar de som fortsatt insisterer på Michelet
>en svær sjanse. Å trumfe mannen inn risikerer å kjøre dagavisa på dunken. KK
>er ikke et produkt som kan holdes oppe gjennom dugnadsarbeid. Avisa har over
>40 ansatte og et tosifra antall millioner kroner i omsetning. Produktet skal
>leveres 6 dager i uka, året rundt. Og det må være bra nok til at 10.000 folk
>er villige til å bruke to tusen kroner i året på å tegne abonnement. Dette
>krever tre ting:
>
>En riktig politisk kurs, dyktige journalister, penger.
>
>Sjøl om man gjerne må mene at Jon M. vil ta seg av den politiske kursen på
>en utmerka måte, så må man ta folka og pengene på alvor. Det gjøres ikke av
>Jon Ms heiagjeng her på forumet. Vi får håpe at majoritetseier AKP har bedre
>vett på mandag.
>
>Rune Soma
>
>
>
>