Mikkelsen og kompromisset

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Fri, 3 Oct 1997 08:07:14 +0100

>Date: Fri, 03 Oct 1997 08:05:32
>To: klassekampen@aksess.no
>From: Roar Madsen <roar.madsen@hf.ntnu.no>
>Subject: Mikkelsen og kompromisset
>
>Eg har all mogeleg respekt for ærlege ynskje om kompromiss der kompromiss
kan vera mogeleg - og der det er mogeleg å
>leva med kompromiss ei tid. Eg representerer ikkje noko sentrum i dette
ordskiftet, men eg har iallfall ikkje delteke
>i noko Michelet-hylling - tvert om har eg signalisert mykje usemje med han
- og likevel gått inn for han.
>
>Slik stoda no er, er frontane knallharde. Det er leidt, det er trist, det
er djupt forstemmande. I ein slik situasjon
>er det lett å slutta seg til ropa om kompromiss ut frå ynskje om å byggja
bruer i staden for å brenna bruer. Det er forståeleg,
>og det er klokt at folk på den sokalla venstresida tenkjer slik. Like lite
som kamp og skjerping av motsetnader bør vera
>ein automatisk ryggmarksrefleks bør heller ikkje kompromiss vera det. Det
finst tider for kamp og det finst tider for kompromiss.
>
>Mitt syn: Solenge den eine parten marknadsfører seg sjølve og
redaktørkandidatane sine med McCarthykampanjar og grov forvrenging
>av den andre parten sine synsmåtar (ynskjer Pravda og sanningsministerium)
- so meiner eg DET ER HEILT AVGJERANDE AT DEI TAPAR. Dersom
>redaksjonsklubben hadde kritisert Michelet på grunnlag av det han faktisk
har sagt, og rive og slite i det - i staden for å spela opp
>etter Allern sine "oppblåst, nyttig idiot"-tonar frå fjernsynet hadde saka
vore ei anna. Paradoksalt nok har redaksjonsklubben
>sjølv laga eit typebilete av den avistypen dei ikkje vil ha: Fastlåste,
bastante synsmåtar presentert gjennom einsidig kampanjejournalistisk
>stil. Slik eg ser det har dei representert dei dårlege sidene ved arven frå
1970-åra, trass i ein retorikk om det motsette. (Skal me ta
>retorikken til klubben på alvor må den praksisen klubben har lagt for dagen
lida nederlag!!!)
>
>Poenget mitt er at me ikkje kan kompromissa på at ein slik kultur er uynskt
i Klassekampen. Dessutan er det høgt spel både med omsyn til synet på
lesarar, synet på redaksjonell line i tida frametter, synet på tilsettingar
o.s.b. Dei som no har late seg mobilisera for KK
>trur eg ikkje vil ha særleg forståing for eit slikt kompromiss på dei lukka
bakromma. Kompromiss høyrer ogso med til dei løysingstypane
>som må ha legitimitet.
>
>DETTE ER IKKJE DET SAME SOM Å SEIA AT ALLE JOURNALISTAR SOM NO ER I
KLASSEKAMPEN ER UYNSKT. So vil kritikarar av dette synet då sjølvsagt
>hevda at det tyder at svært mange journalistar vil forsvinna med Michelet
som redaktør. I mange av tilfella vil det vera trist, poenget er likevel at
dette i so fall er eit klårt signal om at desse journalistane står fast på
den knallharde McCarthy og forvrengingslina. Dersom dei ikkje gjorde det
kunne dei vel heller halda fram under ein redaktør dei var usamde med og
prøva å vinna gjennomslag for fleire av synsmåtane
>sine i ordskifte og kamp med Michelet.
>
>Kvifor set dei dette på spissen??? Kvifor brenn dei alle bruer? Eg minner
om at det finst journalistar som har vore til dels sterkt usamde i den
kursen dei to førre redaktørane har vald. Nokon av dei er framleis i avisa,
og dei har attpåtil vore i mindretal i redaksjonsklubben. Eg oppmoder
fleirtalet i redaksjonsklubben til å strekkja ut ei hand og til å lita på
eigne krefter og kvalitetar som journalistar og debattantar i staden for å
vedta på førehand at Michelet som redaktør tyder ein kurs eller eit indre
liv i redaksjonen som dei ikkje kan leva med.
>
>Det høyrer med i dette biletet at det tydeleg nok har vore journalistar med
eit noko anna syn på KK som har søkt stillingar i avisa, men vorte avvist.
Det er med andre ord slik at det ikkje berre kan strøyma journalistar FRÅ
avisa - det er ogso mogeleg at det kan koma nokre TIL ho.
>
>Tilslutt berre ein tur innom kompromisset endå ein gong. Det er vel ogso
ein føremun om journalistar, avis, KK-vener og andre ikkje
>trøytter seg ut i ein langvarig stillingskrig. Dersom noko er sikkert må
det vel vera at det vil drepa avisa - eller trur du ikkje det Solveig?
>Er det ikkje slik at dei ulike posisjonane som no har kome fram i kva avisa
skal vera (redaksjonelle liner, prioriteringar, innrettingar, målgrupper,
føremål, syn på lesarar, syn på kritikk, syn på råd og tips) er uttrykk for
heilt reelle motsetnader? Er det grunn til å tru at dei vil vera mindre om
eit halvår eller om to år? Eg trur ikkje det. Ogso om to år (eller fem) må
ei avisa ha ei redaksjonell line og gjera visse
>prioriteringar og mange av vala vil då prinsippielt sett stå mellom
alternativ som vil vera svært like dei som no er oppe i ordskiftet.
>Dersom nokon kan presentera meg for gode argument som peikar i motsett
leid, lovar eg å tenkja meg om minst to gonger.
>
>Med helsing
>
>
>
>
>
>
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41