Opprop, grøftegraving og skitkasting

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 30 Sep 1997 13:55:52 +0100

Eg høyrer med til dei som har skrive under på oppropet for Jon Michelet,
sjølv om eg veit eg er sterkt usamd med han i
mange viktige politiske saker, sjølv om eg ikkje visste (og enno ikkje veit)
kven dei andre søkjarane er - og eg er utan vidare
samd med Lars Staurset i at dei som driv med skitkasting og grev djupare
graver enn naudsynleg tek på seg eit stort andsvar
for samarbeidsvanskar i åra som kjem.

Kvifor skreiv eg då under på dette oppropet for Jon Michelet endå eg meiner
andre mediefolk isolert sett ville ha vore betre,
og endå om eg kanskje ville vore meir politisk samd med desse.

Jo eg skreiv under:

1) Fordi eg har vore sterkt misnøgd med den redaksjonelle lina i KK
i mange år. Michelet har signalisert ein kurs i den hovudleida eg vil.
2) Fordi eg meinte redaksjonen og redaktøren ikkje ynskte
kursendringar. Michelet ville ha jobben for å dra lasset den vegen.
3) Fordi retorikken og aksjonsformene på redaksjonssida medkvart
vart so McCarthyprega og propagandistiske at eg uansett ikkje vil
stø ein kandidat som marknadsfører seg mot Michelet fordi tilsetjing
av ein slik kandidata gjer meldinga til redaksjonen om at
kursendringar trengst meir uklåre.

Her gjer ikkje krav å tala på vegner av andre enn meg sjølve - korkje
Foreningen Aksjelovens Venner eller Foreningen for Individuell
Sosialisme.

Imot denne tankegangen kan det innvendast at eg då kan risikera å verta
sitjande med ein kandidat som ikkje treng å vera den fagleg eller
sakleg sett mest dugande. Det er ei viktig innvending, men ikkje avgjerande
for meg ettersom eg synst det vil vera eit enormt attendesteg
dersom avisa overlever men med utvatna profil (føremålsparagraf).

Eg har full respekt for folk som ikkje vil vera med på denne tankegangen
(t.d. Staurset), det eg ikkje forstår er at dei ikkje er like kritiske til
oppropet for redaksjonsklubben (redaksjonell fridom, redaktørplakaten, AKP).
Eller er dei kanskje det utan at eg har greidd å få det med meg? Kva meiner
du om røyndomsforståinga i oppropet på denne sida Staurset?

Som sagt fylgjer eg deg heilt i det at du legg eit tungt andsvar på dei som
driv med skitkasting og grev djupe graver i denne saka.
Det er det fleire som har gjort på båe sider. Men etter det eg kan sjå er
det ingen på "Michelet-sida" som har dukka ned på "mobb ein trotskist" eller
"SVarar er fæle-nivået". Bokstavkombinasjonen AKP har derimot utløyst eit
kollektiv konspirasjons- og kupphylekor som eg kjenner att so altfor godt
frå dei organisasjonane der eg har arbeidd i opposisjon i mange år. Vil du
vera med på å fordøma dette
Staurset?

Hovudbodskapen min til Staurset er likevel at bodskapen hans om å unngå
skitkasting er for viktig til å verta fremja ålment og lauseleg
til båe sider. Ein slik kritikk av ordskiftet og av deltakarane i det treng
konkret adresse og konkret grunngjeving. Då fyrst kan folk vurdera om dei
eller andre har gått for langt - og då fyrst kan me andre danna oss eit
skikkeleg bilete av kva ordskifte Staurset eigenleg
ynskjer. Er du samd i det Lars?

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41