VM i debattstil

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Tue, 30 Sep 1997 08:59:14 +0100

Avsnittet som kjem under er utdrag or Roald Helgheim sin KK-kommentar 30/9.

Eg vil hevde at
det meste kritikken mot AKP har vore
skarp (!), men ikkje vondsinna, og kritikk
er altså ikkje det same som hets.
Laurdagens framstilling av dei siste hendingane
er direkte sakleg. Samstundes
vil eg hevde at mykje av kritikken av
Klassekampen har vore einsidig, men
slett ikkje vondsinna. Unntaket er ein
hard kjerne på det såkalla KKforumet
som av og til også kjem på trykk i Klassekampen,
som har gjort det til ein dagleg
sport å slengje drit mot og gjere livet
surt for KKredaksjonen, ein "kampanje
som har karakter av forfølging". som det
står i ordboka.

Som me ser er hovudinnhaldet at det meste av kritikken mot AKP (som jo av
ulike grunnar har vorte definert
som eit langt breidare omgrep enn eg trur det er grunnlag for...) ikkje har
vore vondsinna, sist laurdag beint fram
sakleg. Helgheim om det, men eg tenkjer mitt når eg minnest Allern på
fjernsyn, Brekke om gubbar over 50, Orvedal i fri dressur
m.fl.

Derimot er det då ein hard kjerne på KK-forum "som har gjort det til ein
dagleg sport å slengje drit mot og gjere livet
surt for KKredaksjonen,..."

Som deltakar på KK-forum den seinaste tida, skal eg vera med på at det har
vorte gjort overtramp her. MEN, overtrampa kjem
like mykje frå kritikarar av styret som frå kritikarar av KK. Ekeland og
Tranøy er ikkje snillare gutar enn Andresen og Steinset.

Helgheim er diverre part i striden i so sterk grad at truverdet hans som
overdomar i VM i debattstil er nokso lågt. Det er i det heile
litt frekt av han å prøva.

Difor ei lita utfordring til Helgheim:

Kven er denne harde kjerna på KK-forum som har gjort det til ein dagleg
sport å slengja drit mot og gjera livet surt for
KK-redaksjonen??? Og kva er grunnlaget for denne karakteristikken???

Personleg tykkjer eg det er meir enn merkjeleg at eg berre har fått inn
reaksjonar frå folk som er kritiske til KK-redaksjonen til
framlegget mitt om å nytta KK-forum som eit tipsnettverk som skal generera
ein database over folk med kunnskap/kjennskap til
spesielle felt. Tru meg - det var ein freistnad på å vera konstruktiv. Ikkje
ein kjeft på KK har reagert, endå eg bad om attendemeldingar
om kva folk tykte. Det er KK-vener som skriv på KK-forum, Helgheim. Dei
venene har krav på ei skikkeleg grunngjeving for kritikken din -
eller ei orsaking.

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41