Det har lenge vore meir enn tydeleg at det har gått som me frykta: Avisa
har i stadig mindre mon vorte aktivistane si avis. Store deler av innhaldet
har vore - og er prega av meir eller minder anti-marxistiske og borgarlege
skribentar. Avisa har vorte ei leikegrind for kultursosiologisk/filosofisk
og postmodernistiske journalistar med "kritisk distanse" til Marx. For all
del - me er ikkje mot slikt stoff. Me er "berre" mot at dette skal vera det
teoretiske grunnsynet som organiserer nyhende og reportasjar. Me er mot det
fordi eit slikt grunnsyn disponerer for ein kritisk journalistikk som ikkje
er revolusjonær, som ikkje dreg opp grensene for kva som er mogeleg og
umogeleg i dette rotne systemet, som dreg seg unna slike grenser og som
difor berre vert journalistisk kritikk.
Me er heilt for ein "kritisk distanse" til Marx, men då skal distansen vera
målbar og kritisk (ikkje kritisistisk), og skribenten bør som eit minimum
vita kva han/ho har eit kritisk forhold til! Me kjøper ikkje at partilause
Marxhatarar leikar seg med hjarteblodet vårt under dekke av "profesjonell
journalistikk" og "kritisk" kling-klang!
Kravet vårt er at avisa fylgjer sin eigen føremålsparagraf av 15/4-91:
"Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige
politiske og økonomiske avsløringer av alle former for for utbytting,
undertrykking og miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk
kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et
revolusjonært, sosialistisk grunnsyn."
Redaksjonen i Klassekampen har synt gjennom lang tid at føremålsparagrafen
kan ein tørka seg i ræva med. Dette har ansvarleg redaktør Paul Bjerke
ikkje klart å endra. Difor er det på høg tid at Klassekampen sitt styre no
gjer jobben sin og styrer. At det vert kalla kupp bør ikkje undra.
Paul Bjerke forlangar at styret gir han tillit. Tillit er ikkje noko som
ein gir eller får - tillit er noko ein skaper.
Kåre Lie, Voss