Innlegg i KK-debatten

Mjølfjell_Ungdomsherberge_AS_Avd_Kontoravd (kontorav@online.no)
Mon, 22 Sep 1997 14:25:00 +0200

Dette er en melding i flere deler i MIME-format.

------=_NextPart_000_01BCC763.4F56A760
Content-Type: text/plain; charset=ISO-8859-1
Content-Transfer-Encoding: 7bit

------=_NextPart_000_01BCC763.4F56A760
Content-Type: application/octet-stream; name="Klassekampen.TXT"
Content-Transfer-Encoding: quoted-printable
Content-Description: Klassekampen (Tekstdokument)
Content-Disposition: attachment; filename="Klassekampen.TXT"

Tillit?

Voss AKP hadde lita tru på omlegginga til "Nye KK" slik prosjektet vart presentert i 1991. Kjernen i kritikken vår var at omlegginga var ei omlegging tufta på reine avisfaglege behov. Me ville fyrst ha svar på kva slags avis AKP/RV og den organiserte og revolusjonære venstresida hadde bruk for i dagskampen og for ein sosialistisk revolusjon. Me meinte at alle marknads- og salsoperasjonar gradvis ville framandgjera avisa frå frå dei opphavlege lesarane og aktivistane. Kort sagt: Den gamle klasiske skiten der mål og middel byter plass - KK ville verta sitt eige mål, der AKP/RV mellombels kunne vera eit middel, før marknad og sal tek over og gjer avisa til eit middel for seg sjølv.

Det har lenge vore meir enn tydeleg at det har gått som me frykta: Avisa har i stadig mindre mon vorte aktivistane si avis. Store deler av innhaldet har vore - og er prega av meir eller minder anti-marxistiske og borgarlege skribentar. Avisa har vorte ei leikegrind for kultursosiologisk/filosofisk og postmodernistiske journalistar med "kritisk distanse" til Marx. For all del - me er ikkje mot slikt stoff. Me er "berre" mot at dette skal vera det teoretiske grunnsynet som organiserer nyhende og reportasjar. Me er mot det fordi eit slikt grunnsyn disponerer for ein kritisk journalistikk som ikkje er revolusjonær, som ikkje dreg opp grensene for kva som er mogeleg og umogeleg i dette rotne systemet, som dreg seg unna slike grenser og som difor berre vert journalistisk kritikk.

Me er heilt for ein "kritisk distanse" til Marx, men då skal distansen vera målbar og kritisk (ikkje kritisistisk), og skribenten bør som eit minimum vita kva han/ho har eit kritisk forhold til! Me kjøper ikkje at partilause Marxhatarar leikar seg med hjarteblodet vårt under dekke av "profesjonell journalistikk" og "kritisk" kling-klang!

Kravet vårt er at avisa fylgjer sin eigen føremålsparagraf av 15/4-91: "Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av alle former for for utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser - samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn."

Redaksjonen i Klassekampen har synt gjennom lang tid at føremålsparagrafen kan ein tørka seg i ræva med. Dette har ansvarleg redaktør Paul Bjerke ikkje klart å endra. Difor er det på høg tid at Klassekampen sitt styre no gjer jobben sin og styrer. At det vert kalla kupp bør ikkje undra.

Paul Bjerke forlangar at styret gir han tillit. Tillit er ikkje noko som ein gir eller får - tillit er noko ein skaper.

Kåre Lie, Voss

------=_NextPart_000_01BCC763.4F56A760--