Tipsnettverk for Klassekampen

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sun, 21 Sep 1997 15:39:04 +0200

Klassekampen-forum er eit knutepunkt for mange gode vener av Klassekampen. I
tida som kjem er det mange som har uttrykt
vilje til å vera med på eit lyft for avisa. Her er ein liten ide.

Kva om nokon med datakunnskapar kunne leggja ut eit tipsskjema på KK sine
nettsider. På dette skjemaet kunne folk leggja inn namn på personar dei
meiner har verdfull kunnskap for avisa (om eit saksområde, eit felt eller ei
aktuell sak), nokre ord om kven denne personen er og korleis KK kan få tak i
han/henne. Mange på KK-forum kan sjølv vera slike personar som KK
redaksjonen kan ringja til for å intervjua, henta inn kommentarar, tinga
kronikk - eller kanskje verta tipsa vidare til andre folk med betre
oversyn/innsikt/kunnskap.

Eg reknar med at det let seg gjera at desse oppføringane kan gå rett inn i
ein database på KK - som dei kan bruka til å søkja
på til dømes fiskeripolitikk og få opp namna til personane a, b og c med
telefonar og e-postadresser og gjerne litt utfyllande opp
lysningar om kva desse kan. Dette treng slett ikkje berre vera ein database
med fagekspertar av typen professorar eller andre forskarar
på ulike område - det er minst like viktig at fagforeiningsaktivistar,
studentaksjonistar og snikkarar med mykje kunnskap om fascismen i Europa
eller fagforeiningsknusing i USA (for å nemna eit par tilfellelege døme)
vert registrerte.

Eit slik opplegg fordrar naturlegvis ein redaksjon som bryr seg om innspel
frå lesarane (og med det meiner eg slett ikkje å krevja at alle
tips eller innspel vert fylgd opp) - med andre ord trengst det ein liten
kulturrevolusjon (neidå - ikkje etter kinesisk skjema).

Sidan det ser ut til å vera ein naudsynleg fyresetnad for å verta teke på
ålvor, presiserer eg at eg ikkje går inn for at berre dei politisk
rett-truande (kven no det måtte vera) skal meldast inn som mogelege personar
KK kan ta kontakt med.

Poenget her er ganske enkelt: Dersom Klassekampen skulle ha ynskje om å få
kommentarar til aktuelle hendingar eller laga ein artikkel, eit
reportasjeopplegg - eller tinga ein kronikk om skogbruksarbeidarane i Noreg
eller om minoritetsfolk på nordkalotten so veit eg tilfeldigvis
om eit par namn det ville vera lurt for KK å snakka med. Men eg er jo ikkje
sikker på om KK kjenner til desse.

Kva meiner KK-forum om dette?

Elles meiner eg jo KK kunne ha mykje å vinna på å prenta norskomsette
interessante artiklar frå andre aviser, blad eller tidsskrift.
I den eletroniske postrøyndomen idag er det jo lett som ein draum reint
teknisk - so kva med å laga ei liste over folk som kan spyrjast om slikt. Eg
har alt meldt meg, og eg er viss på at fleire vil gjera det.

Med helsing
Roar Madsen

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41