Støtteoppropet for redaksjonsklubben

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Sat, 20 Sep 1997 12:33:46 +0200

I dagens utgåve av Klassekampen er det eit opprop til støtte for
redaksjonsklubben i Klassekampen. No har redaksjonsklubben
gjort vedtak om at det er medlemer av klubben som skal vera redaktørar i
avisa dersom klubben ikkje får den som den vil.
Er underskrivarane av dette oppropet samde i at det er eit akseptabelt
utspel i Klassekampen eller eventuelt i andre aviser
ders styret gjer redaktørtilsetjingar som klubbane ikkje likar? Dersom
svaret er ja - er kanskje dette den nye lina for å få
nye radikale media - her er det eit spørsmål om å vinna fleirtalet i
redaksjonsklubben i Dagbladet t.d.

På denne underskriftslista er det mange personar som eg har hatt eller har
stor respekt for. Likevel tykkjer eg folk skal setja
seg ned og finlesa denne namnelista. Her finst alt frå revolusjonære til
EU-tilhengjarar, alt frå arbeidarar til forlagsredaktørar
og andre samfunnstoppar, alt frå KK-tilknytte til vener i andre delar av
medieverda, alt frå gamle KK-vener til folk som tidlegare
har ynskt avisa daud og gravlagt.

Det er interessant å filosofera litt om korleis ein skal tolka denne lista:

* som engasjement for KK?
* som støtte til at den sitjande redaksjonsleidinga kan leva opp til ein
revolusjonær sosialistisk føremålsparagraf?
* som støtte til å driva avisa i samsvar med redaktørplakaten?
* som støtte til å lyfta saker utanfor aksen Akersgata - Blindern opp og fram?

Mogelege motiv for å skriva under på oppropet kan vera mange og gode, men
kanskje finst ogso andre? Eg tenkjer på det og har ein mistanke
om det - men kan sjølvsagt ikkje vita det heilt sikkert. Legg merke til at
eg her bryt med den etablerte diskusjonsstilen i saka -
lina med å vera bastant med å tilleggja andre motiv ein sjølve ikkje likar
(dei som stør Michelet og styrefleirtalet ynskjer ei sekterisk
og smal partiblekke gjennomsyra av alle barnesjukdomar frå 1970-talet).
Difor seier eg til dømes IKKJE at dei som står på dette oppropet
er ei samling av heil- og halvkjendisar med vener som ynskjer seg ei meir
eller mindre kulturradikal avis som skal sjå verda
frå provinshovudstaden (Oslo). Kvifor seier eg ikkje dette: Fordi eg veit at
det er mange av namna på underskriftlista som slett ikkje meiner
dette.

Kanskje er det på tide at tilhengjarane av KK-redaksjonen no stikk fingeren
i jorda og tek folk sopass på alvor at dei ikkje avviser
folk med eit ord på tre bokstavar (AKP) eller med mantraen om hofforgan for
dette partiet. Tilhengjarane av det gamle regimet har all
rett til å kritisera eventuelle idear om ei snever partiavis - men kven er
det som meiner det då????? No synst eg det er på tide
å få konkrete svar på slike spørsmål. Eg har diverre ein mistanke om at
svara på slike spørsmål vert AKP eventuelt, styrefleirtalet, eventuelt
krefter innanfor AKP etc. Etter det eg kan sjå har AKP offentleggjort eit
landsmøtevedtak om KK og presisert svært tydeleg at dei ikkje ynskjer
det redaksjonen fryktar. I ein slik situasjon er eg faktisk tilhengjar av å
forhalda meg til AKP på same måten som eg gjer til alle andre grupper: Å gå
ut frå at liner som vert høgt flagga faktisk vert levd opp til - dersom det
ikkje finst sterke og konkrete grunnar til å tru motsett. Kva går so desse
grunnane ut på - det vil eg gjerne vita??? Kvifor får me aldri vita det???

For min del er eg beint fram forbanna for å verta definert som partikanin
for AKP (eg har sagt kva eg meiner på KK-forum, og eg er underskrivar
på eit opprop frå målfolk i dagens KK). At eg stør Michelet som redaktør
tyder heller ikkje at eg vil vera "hans mann". So lenge eg kan hugsa
har eg til dømes vore grunnleggjande usamd med hans idear om opne grenser/1
million til Noreg, og eg har vore grunnleggjande usamd i hans
kulturpolitiske idear om eit "litterært proletarsprog" (= tilnærma riksmål)
(for å sitera Aftenposten). Eg ser slett ikkje burt frå at eg kan vera meir
samd med Bjerke enn med Michelet i mange konkrete politiske saker - men
altso ikkje i hovudspørsmålet her: Kva skal KK vera?

Dagens utgåve av KK er endå eit døme på at redaksjonen køyrer den same lina
vidare med full fart. Under fyrstesideoppslaget "Vi må ta ansvar"
vert eit fantastisk klubbvedtak om å setja avisa under administrasjon av
redaksjonsklubben presentert (s. 1 og 8). Det einaste som held no er då å
setja avisa under administrasjon av ein styretilsett redaktør. Dei av
journalistane som vil vera med vidare på ferda får då vera med på det.
Vonleg vert det eindel - so får dei andre finna seg noko anna å gjera. DET
ER IKKJE KLUBBEN SOM SKAL STYRA AVISA.

Med helsing
Roar Madsen

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41