SV: TAKK TIL HEILE NOREGS ERLING!

Pål_Steigan (Pal.Steigan@cappelen.no)
Thu, 18 Sep 1997 22:24:15 +-200

Jeg støtter Sveins takk til Erling.

Torsdag viste KK-redaksjonen at den evner å drive kampanjejournalistikk når den først brenner for noe. Hvis de tidligere hadde lagt halvparten så mye engasjement i å få Erling gjenvalgt som de nå bruker på hets mot AKP, så hadde vi nok klart å skaffe de 700 stemmene vi mangla.

Pål S.

----------
Fra: Svein LundÆSMTP:sveilund@online.noÅ
Sendt: 18. september 1997 20:27
Ti&l: klassekampen-forum@aksess.no
E&mne: TAKK TIL HEILE NOREGS ERLING!

Guovdageainnu RV
9520 Guovdageaidnu 18.09.97

Takk til heile Noregs Erling!

Alle hyllar vinnarane og ingen takkar taparane. Promiller og tidels
promiller skiljer mellom full siger og fullt nederlag. Slik er kampen om
stortingstaburettane.
I Klassekampen 17.9. stiller ein spørsmålet om RV og Erling Folkvord mista
mandatet i Oslo fordi han ikkje hadde konsentrert seg om Oslo-saker, men
engasjert seg i saker rundt om i landet som ikkje Oslo-velgarane brydde seg om.
Kanskje denne analysa har noko for seg. I såfall seier det noko vesentlig
både om ein del Oslo-velgarar og om Erling Folkvord.
I det høvet vil vi rive i med ein uforbeholden dundrande hyllest til heile
Noregs RV-representant, trønderen som er valt inn frå Oslo valkrets, men som
gjennom fire år konsekvent har sett seg som ein representant for heile landet.
Erling er ein av dei få rikspolitikarane som ikkje har tenkt på ka som kunne
lønne seg taktisk, kordan vinne stemmer for å vinne eller beholde eit
mandat. Han har konsekvent stått på for kystflåten mot fabrikktrålarane, for
retten til samisk utdanning, for bønder, industriarbeidarar,
minstepensjonistar, 6-åringar og alle andre utrendy i det "postmoderne" og
"postindustrialiserte" samfunnet, samfunnet som legg ned posthusa mens dei
døper om alt anna til noko med "post" i.
Han har synt at det er viktigare å lytte til folk enn å belære dei. Slik har
han stått for det beste i RV-tradisjonen, som eit virkelig parti mot
straumen: Mot flyttestraumen, mot dei gjeldande "strømninger i tiden". Kor
mange har før representert Oslo-benken i Stortinget på nynorsk?
For oss som har sete i dei bakre rekkene og fora Erling og kontoret til
Stortingsgruppa, har det vore ei udelt glede å arbeide saman med dei. Dei
satte alltid pris på innspel og følgte dei alltid opp så godt dei kunne.

Når vi må trekke fram dette er det ikkje bare for å hylle Erling, sjølv om
han kunne fortjene mye meir hyllest enn han vil ha. Det er og for å minne om
at denne linja med å representere arbeidsfolk i heile landet dessverre ikkje
har vore einerådande i RV-kretsar. Gjennom den 4-årsperioden Erling har sete
på Stortinget har RV si uoffisielle dagsavis i stor grad stått for den
motsette linja: Dei har ikkje hatt noko program for å bry seg om verken
heile landet, om arbeidsfolk eller om nynorsk og samisk språk. Dei har hatt
ein politikk mot å lytte til folk, mot å ta kritikk og innspel på alvor, mot
å tru at dei kunne lære noko av vanlige folk.

Derfor er det fremste ønsket vi har til dei som skal drive avisa framover:
Lær av Erling Folkvord og RV si stortingsgruppe 1993-97: Gjør Klassekampen
til ei lyttande avis, ei avis for undertrykte i heile landet og heile verda,
ei avis mot straumen.

Guovdageainnu Rukses Válgalihttu - Guovdageaidnu Raud Valallianse
Guri Skum Svein Lund
leiar skrivar