Mistillit til Bjerke

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 17 Sep 1997 10:12:19 +0200

Tidlegare har eg meint at det beste var om Paul Bjerke hoppa ned av sin høge
hest, korrigerte kursen eindel og var med
på ferda vidare. Med den vendinga saka no har teke, jfr. meldinga frå Trond
Andresen, ser eg ikkje anna råd enn å uttrykkja
mistillit til redaktøren. Med den kursen avisa no har (jfr.
tilsettingspraksis, journalistiske prioriteringar, politisk
profil - jfr. valkampen, innretting på kulturstoffet, sensur og haldning til
kritikk av den redaksjonelle lina) har eg ikkje mage
til anna.

Idag har eg sendt eit elektronisk brev til redaktør Bjerke med melding om at
eg ikkje har tillit til han. Eg har gjort han merksam på
at brevet ikkje var skrive med påhalden penn frå styreformannen eller AKP -
og eg oppmoder dei som måtte vera samd med meg
på KK-forum om å gjera det same. E-postadressa hans er paulb@klassekampen.no

Ettersom redaksjonen har tydd til det gamle borgarleg-manipulatoriske grepet
å mana fram eit diktatorisk AKP-skrømt, meiner eg det ville
vore kjekt om dei som melder frå om mistillit til Bjerke ogso sender eit
lite signal om det her på KK-forum slik at breidda i protestane
kjem tydelegare fram (og då vil det dessutan vera vanskelegare å teia
protestane i hel).

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41