Pressestoff i den gode saks teneste

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Sun Feb 04 2001 - 22:24:45 MET

  • Next message: Karsten Johansen: ""morsomt""

    Fleire aviser skriv i desse dagar solskinshistoriar om stoda i Austerrike
    i samband med 1-årsdagen for den blå-svarte regjeringa. Noko kjem frå NTB,
    anna er montert stoff frå andre aviser, sjå m.a. :
    http://www.stavanger-aftenblad.no/nyheter/utenriks/article.jhtml?articleID=58783
    eller
    http://www.bergens-tidende.no/vis.html?id=124061

    Men les ein austerrikske aviser, t.d. der Standard
    http://www.derstandard.at/ ser ein at stoda sjølvsagt ikkje er så rosa som
    sofajournalistane vil ha det til. Det har til og med vore store
    demonstrasjonar i Wien desse dagane:
    http://www.derstandard.at/dyn/aktuell/content.asp?channel=Politik&ressort=widerstand
    (legg merke til at AKP er nemnd i samband med ein demonstrasjon i Oslo...)
    http://www.rassismus.at/demo/
    http://www.popo.at/demo/ (om nettdemonstrasjon)

    Det finst elles haugevis av stoff om dette i europeisk presse, langt meir
    nyansert enn den eindimensjonale røyndomen NTB presenterer. Men sidan dei
    fleste nordmenn helst ikkje les nyhende på anna språk enn bokmål,
    risikerer sjølvsagt ikkje Aftenbladet, BT, eller andre aviser så mykje ved
    å spreie annanrangs "informasjon" frå NTB.

    Denne banaliseringa av det mørkeblå og brune er kanskje også eit forvarsel
    på ei komande banalisering av ei evt. Frp-regjering. Haideriseringa av det
    austerrikske samfunnet - forfølgjing av opposisjonelle, yrkesforbod osb. -
    eksisterer ikkje i mesteparten av den norske pressa. Alt er "normalt". Ein
    kan trygt sova vidare.

    Slik før den tause majoriteten seg, og slik blir populismen ei drivande
    kraft. Difor tykkjer eg det er synd å sjå at også folk på venstresida
    målber liknande propaganda i "den gode saks teneste". For litt over ei
    veke sidan såg eg at "Nei til EU" på vevsida si refererte til ein
    avisartikkel der Hedstrøm tar til orde for å selja "rent norsk kjøtt" til
    Europa i kjølvatnet på BSE-epidemien:
    http://indre-smaalenene.api.no/imaker?id=3581153&a=1400&s=0&m=0
    Einkvann må ha tenkt seg om, for denne lekken er i dag fjerna.

    Om lag på same tid vidaresende Knut Rognes ein luguber artikkel under
    titelen: "Why the Left is So in Favor of a United Europe", der det m.a.
    heitte:

    > Fischer was in court in Frankfurt last week to testify on behalf of his
    > old friend Hans-Joachim Klein. Klein, who was arrested after living
    > under an assumed name for 20 years, is on trial for his part in a Red
    > Army Faction attack on an OPEC meeting in Vienna in 1975, during which
    > three people were murdered.
    >
    > As students in Frankfurt in the Seventies, Klein and Fischer wearing
    > motorcycle helmets and carrying batons took part in the fighting during
    > various protests. Fischer led a gang called PUTZ the Proletarian Union
    > for Terror and Destruction.
    >
    > Photographs from 1973 show Fischer beating a policeman to the ground
    > with a baseball bat and then stamping on him. One policeman, who was
    > nearly killed in 1976 when a petrol bomb blew up his car, accuses
    > Fischer of attempted murder.
    ....... osb.

    Det er i ettertid påvist at fleire av desse fotografia er montasjar, og
    det er kanskje på sin plass å nemne at forfattaren av dette nidskriftet,
    John Laughland, er "the European Director" i den britiske "The European
    Foundation" http://www.e-f.org.uk/londonoffice.html ein ultrakonservativ
    og "euroskeptisk" organisasjon.

    Artikkelen kunne kanskje vera utgangspunkt for ei europeisk oppfølgjing av
    "programmet om AKP" på TV2 i fjor haust (eg såg aldri dette programmet,
    men har forstått at det reaktiverte navleskodinga til visse kumpanar i og
    rundt AKP).

    At britiske konservative leitar etter nye skræmebilete, er ikkje meir enn
    ein kan vente, men eg forstår ikkje kva slikt som dette har å gjera på
    KK-forum:

    > While the Right rests on its laurels, the Left continues with its
    > traditional programme of dismantling democracy and establishing elitist
    > control over all our lives.
    >
    > Its commitment to dissolving European nations into one centrally
    > controlled structure is only part of an old, and frankly Communist,
    > dream.

    Oddmund Garvik

     
    ______________________________________________________________________________
    ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
    vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
    http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sun Feb 04 2001 - 22:25:35 MET