Olav Randen: "TERTIÆRSAMFUNNET OG ETTERPÅ"

From: Trond Andresen (trond.andresen@itk.ntnu.no)
Date: Fri Jan 12 2001 - 14:06:14 MET


Denne var en sann svir å lese. Den legges ut her med tillatelse fra
forfatteren.

Trond Andresen

*******************

TERTIÆRSAMFUNNET OG ETTERPÅ

av Olav Randen (fra Dag og Tid nr. 2, 11/1-2001)

Me har bak oss eit jeger- og fiskarsamfunn. Det vara i 6-7.000 år etter
siste istid. Me har bak oss eit jordbruks- og fiskarsamfunn. Det vara frå
yngre steinalder til først på 1900-talet. Me har bak oss eit
industrisamfunn. Det vara frå først til sist på 1900-talet.
 
No skrantar både primærnæringane og industrien. 4,5 % av dei sysselsette er
i primærnæringane, 15,5 i industri, bergverk og olje og 6,5 % i bygg og
anlegg. Tre av fire arbeider altså no med andre ting enn vareproduksjon.

Sjølvsagt treng også vårt samfunn varer. Me bruker meir varer enn nokon gong
før. Men varene blir produserte andre stader. Kleda, skoa, bilane, verktyet,
fritidsutstyret, radioane og det meste blir importert frå Asia eller
Aust-Europa. Stadig meir av maten blir kjøpt der i verda han er billigast,
det avgjer Verdas handelsorganisasjon WTO. Vår oppgåve når det gjeld
produksjon blir meir og meir avgrensa til å hauste dei naturressursane me
har ekstra god tilgang på, altså fisk og olje. Vår oppgåve i den
internasjonale arbeidsdelinga blir å krafse til oss mest mogeleg profitt frå
dei verdiane andre skaper.

Kva skal samfunnet kallast?

Historikarar og samfunnsvitarar kallar dagens samfunn eit etterindustrielt
eller postindustrielt samfunn. Eller dei kallar det eit postmoderne samfunn.
Det er ullne ord. Om lag som å kalle pensjonistane for postvaksne eller
Hokksund for etter-Drammen (sett frå Oslo).

Filosofar av Thorbjørn Jaglands og Grethe Knudsens kaliber kallar gjerne
dette samfunnet for kunnskapssamfunnet eller informasjonssamfunnet eller
IKT-samfunnet, der I-en står for informasjon, K-en for kommunikasjon og T-en
for teknologi. Om me ser på kvantumet av informasjon, kan nemninga ha noko
for seg. 100 journalistar informerer oss om konfliktane i Framstegspartiet,
200 om Orderud-saka og 300 om kronprinsen og dama hans.

Men me bør også sjå på kvaliteten av informasjonen. Det hender eg leitar meg
attende til bøker eller aviser frå tidlegare tider og opplever at dei gir
meir innsikt enn dagens Aftenpost og NRK. Det hender også eg er innom ein
vidaregåande skole eller eit universitet. Då prøver eg å lytte og
observere. Går diskusjonane om faglege tema? Nei, det som opptek vår
framtidige åndselite mest, er eventuelle nye tekstmeldingar på dei fancy
mobiltelefonane.

Det som kjenneteiknar samfunn av vårt vesteuropeiske slag, er altså først og
fremst at vareproduksjon manglar og tertiærnæringar dominerer. Difor er
tertiærsamfunn eit råkande namn på dei.

Det ineffektive tertiærsamfunnet

Då datateknologien var i sin spede barndom, var fagorganisasjonar og
samfunnsforskarar redde for at maskinar og program ville gjere arbeidsfolk
overflødige. I staden har dei mest datoriserte samfunnssektorane vorte
vekstområdet. Sjå til dømes på finansiell tenestyting, altså forsikring,
bankstell, rekneskapsføring og slike ting. I 1979 arbeidde 109.000 menneske
der. Så kom datamaskinane, rekneskapsprogramma, minibankane og elektronisk
pengeoverføring. I 1999 var talet på årsverk 252.000. Det er no 2 1/2 gonger
så mange menneske som styrer med pengane våre som det er som produserer
maten vår.

Veksten i tertiærnæringane blir sett på som eit gode og ikkje som eit
problem. Det er ei politisk målsetjing å redusere talet på tilsette i
primærnæringane, for eit lågt tal bønder og fiskarar gir ifølgje økonomane
eit effektivt samfunn. Når Sverige har 2,5 % bønder og Storbritannia 2 og
USA 1,5, har dei etter økonomars syn kome lenger i økonomisk utvikling enn
Norge med 4,5 %. Også eg er for eit effektivt samfunn. Det er fornuftig at
innbyggjarane bruker minst mogeleg tid til dei arbeidsoppgåvene som må til
for å overleve. Men tenkinga bør gjelde også for anna arbeidsliv enn
produksjonsnæringane. Det er ineffektivt og dumt for samfunnet at hundretals
journalistar skriv om det same, at me blir overfløymde av annonsar som
fortel at Toyota er betre enn Nissan og at Nissan er betre enn Toyota når
dei i røynda er om lag jamgode eller jamdårlege og at konfliktar menneske
til alle tider har løyst seg imellom, no blir behandla i rettssalar av
advokatar med ein dryg tusenlapp i timeløn. Dei hundretals journalistane og
tusentals annonseutformarane og advokatane er ødsling med samfunnets
arbeidskraft og med folks liv. Når til dømes journalisten hamnar på
aldersheimen og skal oppsummere livet sitt, blir det om lag slik om han er
ærleg: Eg brukte arbeidslivet mitt til å pøse fullstendig unyttig
informasjon på folk.

Når samfunnet sløsar slik med arbeidskraft, blir det sjølvsagt ineffektivt
og meir ineffektivt til meir det er av det og til høgare dette blir betalt.
Me kan forme ei grunnleggjande økonomisk lov for ei bedrift og eit land
slik: Til færre datakonsulentar, færre advokatar, færre reklamefolk og færre
annonsesider bedrifta eller landet kan greie seg med, til meir pengar blir
det til andre ting.

Etter tertiærsamfunnet?

Hundre eller to hundre år sidan trudde dei fleste at jordbruk var eit
satsingsområde for all tid. Femti år sidan trudde dei at industrisamfunnet
var kome for å bli. No trur dei fleste at tertiærsamfunnet ikkje berre er
notida, men også framtida.

Men eit samfunn der innbyggjarane har fjerna seg frå produksjon, eit samfunn
som es utover av datakonsulentar, annonseutformarar og annonsørar,
rådgivarar av alle slag, advokatar som skal løyse alle konfliktar og aviser
som skriv hundre gonger så mykje om ei kongeleg forloving som om den globale
oppvarminga, eit samfunn som betaler konsulenten eller advokaten like mykje
for ein times arbeid som det bonden får for eit stjernelam eller ei famn god
bjørkeved, eit samfunn der innbyggjarane er spesialistar i å skrive
tekstmeldingar og lese prinsereportasjar og ute av stand til å stramme ei
sykkelkjede eller luke ein potetåker eller stoppe sokkar eller kløyve ved,
eit samfunn der kroppssveitte er noko som høyrer gymtimar til og må dusjast
vekk etterpå, er eit sårbart samfunn. Dette samfunnet vil klamre seg til at
den skeive globale delinga av ressursar skal vare, for det er einaste måten
eliten i samfunnet kan overleve på.

Når denne perioden tek slutt, blir det ikkje enkelt å vere vår tids
etterkomarar i Vest-Europa og andre tertiærland. For til skilnad frå jeger-
og fiskarsamfunna og landbrukssamfunna har ikkje tertiærsamfunna potensiale
til å bli noko anna. Endringar som gjer områda liv laga, må bli eit oppgjer
med og ikkje ei vidareføring av samfunnstypen.

Kva då med datakonsulentane og advokatfleirtalet og kjendisjournalistane?
Truleg vil det samfunnet som veks fram på ruinane av tertiærsamfunnet, sjå
på dei som dugløyser det ikkje er plass til andre stader enn i storbyslummen.

 

 



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:47 MET