Re: Ørken i Europa

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Tue Dec 26 2000 - 06:26:50 MET


Le Jeu, 21 Déc 2000 18:56:28 +0100
Karsten Johansen <kvjohans@online.no> a écrit:

> Takk til KK og Astor Larsen for denne glimrende artikkelen.
...
> _ Til og med det sørlige Frankrike er rammet, men så langt har de ikke
> innrømmet det av politiske grunner, uttalte Maurizio Sciortino, ekspert
> på området, til den britiske avisa Guardian i går.

Det er liten debatt om dette fordi det ikkje er "synleg" nok. Ein må
kanskje vente på at sandynene veltar innover det sørlege Europa, før det
blir alvorleg debatt om dette.

Det er like lite debatt om ørkenen som forsvinn. Få veit at "teknisk
ørken" har eksistert i alle dei år some stader i desse landa. Dvs. at ein
visse stader har funne avgrensa økosystem som kan karakteriserast som
ørken. Ein palæontolog som eg kjenner, nemnde for meg for ei tid sidan at
fleire ørkensoner også er truga. Så lang nord som den sørlege Loiredalen
finst det slike soner, og det er særleg desse som er i faresona, p.g.a.
endringar i nedbørsmengdene. Visse skorpionarter er m.a. i ferd med å
forsvinne.

Eit tydelegare teikn som også er knytt til den globale oppvarminga, og som
difor blir lagt merke til og snakka om, er den alt høgare vasstanden i
våtmarksområda langs kysten. Det er særleg problema i dei store våtmarkene
i Camargue i Rhône-deltaet like vest for Marseille som vekkjer oppsikt og
ettertanke. Dette er det faktisk aukande debatt om, for det er eit av dei
tydelegaste teikna på at noko gale er fatt. Havnivået stig.

Det stormar oftare og det er uvanlege nedbørsmengder. Her eg bur, har det
vore 2-3 gonger så mykje nedbør i haust, samanlikna med normalen dei siste
30 åra.

Desse variasjonane er det vanskeleg å "løyne", og sjølv om den offentlege
"debatten" med utgangspunkt i dei parisiske "påfuglmiljøa" svevar høgt
over slike landlege bagatellar, merkar eg at det er mykje lettare å
diskutere miljøpolitikk enn det nokon gong har vore. Den empiriske
kunnskapen er overlegen, og då er det vel ikkje så farleg om "påfuglane"
bablar i munnen på kvarandre om livsfjerne saker og eigne fantasmer.

Det å bu i utkanten og knapt høyre denne larmen, gjer at ein held hovudet
nokolunde klårt, og sjølvsagt ikkje eit sekund let seg freista av tankar
om at andre ting enn naturen sjølv bestemmer menneskeleg liv og lagnad.

Det hender naturen sender vakre signal om det urovekkjande, men det blir
ikkje betre av den grunn. Me fekk utsprungne roser i hagen til jol, og eg
måtte attpåtil slå graset. Ei bananpalme som eg til vanleg må pakke inn i
avispapir om vinteren, står i år med grøne, vaiande blad no i slutten av
desember. Den kinesiske palma vår er meir hardfør, og treng aldri
dekkjast til, men til vanleg kvilde ho om vinteren. No ser eg spor av gule
blomar oppe i den ti meter høge palmekrona, nesten tre månader før tida.
Ho blei planta i 1890 og har vel tålt både det eine og det andre frå
vêrgudane si side. No byrjar eg å bli uroleg for framtida.

> Ødeleggelsen av jordbruksområder skyldes at været de siste årene har
> forandret seg og temperaturen har gått opp. Dette har gjort det
> ulønnsomt å drive jordbruk. Verst går det utover områder som har vært
> terassert.
> Terassene forfaller og jorda blir skyldt vekk.

Me må aldri gløyme at alt det "ulønsame" er meir verdfult enn alt det
"lønsame" til saman. Makta har på meir og mindre subtilt vis klart å skape
og spreie desse falske ideane om kva som er lønsamt, og kva som ikkje er
det.

Det er meir "lønsamt" å drive intensiv monokultur med store maskiner på
flate sletter, enn å dyrke i skråningane, vedlikehalde landskapet, drenere
terrenget og veksle mellom ulike vekster for ikkje å utarme jorda.

Bøndene må velje mellom liv og forderving. Nokre av dei trur dei veljer
livet når dei kastar seg ut i dansen rundt gullkalven, mjølkekvotane,
dyrkingstilskota og dei andre subsidiane. Dei trur dei vel framtida ved å
høyre på dei store "bondeorganisasjonane", landbruksministrane og
landbruksbankane som seier: "Produser mykje og det i ein fart! De har
ikkje noko val, for det er "markedet" som bestemmer. Ein må vera
konkurransedyktig! Kjøp større og større traktorar, ta opp lån, dyng dykk
ned i gjeld og atter gjeld! Om ikkje kornaksa og oksane har dobla volum i
morgon, kan de ikkje betale attende gjelda! Kjøp kunstgjødsel og kraftfôr!
Det kjem nok til å få sving på sakene! Ikkje bry dykk om anna enn å spreie
pulveret på åkrane, og stappe driten ned i kjeften på kyrne. Ikkje tenk på
noko som helst! Monsanto, Bayer & Co tenkjer for dykk. Dei som lagar fôr
av dyrekadaver tenkjer for dykk. Bankane og "Bondelaget" tenkjer for
dykk...

Det finst ikkje ein bonde i verda som er så dum at han ikkje ser og
forstår at han produserer drit. Men istaden for å springe med høygaffelen
etter lobbyane av hallikar som utnyttar han og gjer narr av han, føretrekk
han (i alle fall i Frankrike) å brenne dekk framom prefektura. Det er
mykje enklare slik, og mindre arbeid for hjernen.

"Arbeidarar, bønder, me utgjer ein stor del av det arbeidande folket..."
Javisst, berre ein held utanom ein stor proporsjon av bondekollaboratørar.
Og når eg seier "kollaboratørar", skulle eg ønskje eg kunne hate dei på
same måten som ekte kollaboratørar fortener det. Men desse idiotane
tykkjer eg helst synd på!

Eg såg ein kyllingsoppdrettar i "dagsrevyen" for ei tid tilbake, som sa at
om forbrukarane vil ha tryggkeik og kvalitet, så får dei betale for det.
Ingen drittsekk, denne karen, og det han sa, er det mest sjølvsagde ein
kan tenkje seg. Men det vitnar samstundes om at han veit at han sender
uetande kyllingar på marknaden, og at det for han er normalt. Det er
normalt at produksjonen korkje er trygg, eller av god kvalitet. Ved å
kjøpe ein kylling av han, kjøper ein ikkje noko sikkert, noko som er godt.
Ein kjøper ein liten bunt med mjuke bein under eit tynt lag av ein
bomullsaktig masse med fiskesmak.

Kapitalismen og produktivismen har klart å overtyde det store fleirtalet
om at det å gjera ein god jobb ikkje har noko med kvalitet å gjera, men
med kvantitet. Ein lønnar ikkje det som her til lands blir kalla
"savoir-faire", men heller det som kan kallast "beaucoup-faire" - lage
mykje. Dei fleste forbrukarane aksepterer denne regelen: "Denne kyllingen
stinkar noko forjæveleg," kan ein høyre mellom hyllerekkjene på dei store
supermarknadene, "men det er normalt, eg betalte berre ein slikk og
ingenting for kiloen". Eller: "Denne barberhøvelen rakar ikkje skjegget,
men når ein ser på prisen, kan ein ikkje vente at det skjer mirakel."

Folk i Noreg, Frankrike og andre europeiske land demonstrerer mot
bensinprisen. Dei held ikkje ut tanken på at eit så livsviktig produkt er
så dyrt. Ein kan "forstå" dei...!

Lat oss tenkje oss at oljeselskapa tilbyr nepejus til sals som bensin til
1 kr literen. Vil heile bunten då kaste seg over tilbodet og fylle opp
tankar og jerrykanner, sidan det er eit så godt tilbod? Nei. Om
oljeselskapa finn på noko slikt, vil det, i alle fall her til lands, ikkje
vera att ein einaste bensinstasjon...! Kvifor ventar dei med å kaste
napalm på dei forpesta åkrane? På at bensinprisen går ned...?

Om bøndene forpestar, er det alltid med forbrukaren som medsamansvoren.

Det meste er i same leia. "Den nye økonomien" som no nok ein gong får
passet sitt påskrive, ballongane som sprekk like oppunder det nyheidenske
midtvintersblótet, får livet til å rase saman for mange "småspararar" som
beit på agnet. Kvar og ein som tykkjer det er bryet verd å nytta hjernen,
nikkar attkjennande til dette, og smiler kanskje. Men dette sinnsjuke
systemet held fram, og dei fleste har framleis klokkartru på "markedet".

Internettet, som inspirerer så mange til tungetale, blir oppkasta til
religion. Mange misser bakkekontakten. Kvifor er det så vanskeleg å
forstå at dette berre er nok eit medium for spreiing av propaganda og
kremmarvelde? Det er rett nok tilgjengeleg også for nokre av oss som ikkje
går i takt, men kva forandrar det? Framleis er det handa som er drivkrafta
i all menneskeleg verksemd. Framleis er det hendene som skaper verdiane
dei fleste stader. At noko av arbeidet, av ein liten minoritet, blir
skapt ved hjelp av sofistikerte maskiner, og gjennom ei tilsynelatande ny
sosial organisering, endrar ingenting. Det einaste me kan gjera, er å
protestere, nekte å gå i takt, nekte standardiseringa, einsrettinga og
diktaturet. Internettet gir oss ein viss fridom, men denne er heile tida
relativ og under oppsyn. Ein vakker dag blir me sperra ute, fordi me ikkje
er "interessante" nok, "representative", "positive" nok, eller kva no
etiketten blir.

Det som trugar menneskeslekta, kulturarven, etikken og naturen blir ikkje
sensurert, eller fjerna. Det blir tvert i mot meir og meir av det i den
vesle Internettverda: Alle slags fascistoide uttrykk, rasisme og andre
perverse, sjukelege haldningar til menneske og dyr. Det ultraliberale
kremmardiktaturet sel vald, øydeleggjing og atomkrig som tidtrøyte for
born. Likeins "kulturprodukt" som er dei same anten ein er i Kautokeino,
Fort-de-France, Rio de Janeiro, Boston, Bankok, eller Marseille.

Verdsbanken bur seg på å opne ein ny nettportal, "The Global Development
Gateway (GDG)" for å einsrette informasjonen også i utviklingsspørsmål.
Det er dette som er trenden på Internett:
http://www.50years.org/ejn/v3n4/wb.html

Er det såleis noko å trakte etter, dette med å gjera Internettet
tilgjengeleg for alle? Eg er slett ikkje så sikker på det lenger.

Me som har høve til det, får sjølvsagt nytte det så lenge me kan, for å
undergrave maktarrogansen, og for å vise at det finst andre stemmer,
motkrefter. Men det stoppar her. Internettet er ikkje meiningsfullt i seg
sjølv. Me må heller aldri gløyme at det berre er tilgjengeleg for ein
ørliten minoritet, og at det kjem til å bli verande slik lenge.

Oddmund Garvik

PS: Eg hoppar over debatten om Castells som det blei slik røre av. Nokre
av spørsmåla er interessante, men andre har gitt betre svar på desse.
Debatten om Castells er for meg berre eit av mange døme på det som
tilhøyrer kategorien moderne tungetale. Godt nyttår!
ds.
 
______________________________________________________________________________
Vous avez un site perso ?
2 millions de francs à gagner sur i(france) !
Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:39 MET