"Meningsløs kukontroll"

From: Oddmund Garvik (oddmund@ifrance.com)
Date: Fri Dec 15 2000 - 14:05:42 MET


Klassekampen skriv om "Meningsløs kukontroll" og siterer amanuensis
Skjerve på Veterinærhøgskulen som er mot skjerpa kontrollrutiner i høve
til BSE. Hugsar eg ikkje feil, har eg alt krangla med denne karen
tidlegare. Skjerve og andre som likar å pisse i buksa for å halde varmen
(i dette tilfellet berre innføre importforbod av "EU-kjøt"), kan koma til
å fryse før dei veit ordet av det. Det var det mellom andre tyskarane fekk
oppleve nyleg, etter først å ha stemt ned eit fransk forslag om å innføre
eit omfattande testprogram. Problemet eksisterte jo ikkje på den andre
sida av Rhinen...

Berre fjorten dagar seinare oppdaga ein dei første tilfella i Tyskland, og
det blei som kjent kuvending! Eitkvart menneske med snev av sunn fornuft
forstår den enkle leveregelen: Leitar ein, så finn ein! For
venstreradikale menneske er dette ein slags innebygd refleks. Ein kallar
det gjerne kritisk haldning. Korleis kan Klassekampen målbere den
latterlege og naive idéen om at eit importforbod frir nordmennene frå alle
farar. (Steng grensene og det fort!)

- Det er ekstremt liten sjanse for at det fins kugalskapsmitte i Norge.
 <klipp>
- Det vil bidra null og niks til sikkerhet å ha så omfattende kontroll i
Norge", seier Skjerve.

Dette minner stygt om anna "forskning" i norske (tabloid)media. Me kan nok
vera samde i at det bør innførast importforbod, men dette aleine er ingen
garanti for folkehelsa. BSE og den nye varianten av Creutzfeldt-Jakobs
Disease (CJD) har så mange ukjende element i seg at ein ikkje kan vera
forsiktig nok.

Det kan stillast spørsmål ved testprogrammet som er innført i fleire
EU-land på teknisk og vitskapleg grunnlag. Testmetodane er ikkje 100%
pålitelege enda, men det er det einaste ein har. Så vidt eg kan sjå, er
ikkje problemet at ein brukar for mykje pengar på forsking og tiltak for å
betre folkehelsa. I eit globalt perspektiv er det eit skrikande underskot
på alle område. Og fordelinga av pengemidlar og prioriteringa av
forskingsoppgåver er like skeivt fordelt som handelsbalansen i verda.

Fleire land (deriblant Danmark og Noreg) har hatt forbod mot bruk av
kjøtbeinmjøl i kufôr, men har likevel halde fram med produksjon og eksport
av denne lukrative fordervinga. Sjølvsagt har ein del av dette blitt dumpa
i den tredje verda, og ein må vera temmeleg godtruande om ein ikkje ser
for seg massiv "eksport" mot Sør av dei kollossale mjølhaugane som no
hopar seg opp i Nord. Det er dette som er det store problemet. Det å slå
fast at risikoen er minimal "hos oss", blir i beste fall berre
sjølvforherligande narcissisme.

Eg har sendt nokre utdrag frå avisa Nationen dei siste vekene, men
desse utklippa blir berre interessante om ein les mellom linjene.
Hykleriet er maksimalt i desse tider, og det gjeld på alle område.
Eg tykkjer det er leit at avisa Klassekampen i iveren etter å vera på
barrikadane i EU-"kampen", blir talerøyr for hykleriet, men samstundes
veit eg sjølvsagt at det er gode tider i Noreg for alle sjatteringar av
populisme...

Oddmund Garvik

 

---
http://www.klassekampen.no/cgi-bin/nyheter.pl/2000/12/1301.html

"Meningsløs kukontroll

KUGALSKAP: Norge kaster 500-600 millioner kroner ut av fjøsdøra for å tekkes EU. Et importforbud hadde gjort bedre nytte enn å følge EUs kontrollrutiner.

Av Line Schou

Norge skal innføre de samme kontrollrutinene for kugalskap som i EU, og prislappen kan bli på minst 500-600 millioner kroner. Eystein Skjerve, førsteamanuensis ved Veterinærhøgskolen, mener regjeringa kaster pengene ut av vinduet for å tekkes EU, uten at testingen gir noe som helst nytte for matsikkerheten.

- Det er ekstremt liten sjanse for at det fins kugalskapsmitte i Norge. Et enkelt importforbud hadde gjort mye bedre nytte enn kontrollregimet regjeringa nå legger opp til, sier Skjerve til Klassekampen.

Staten betaler Han peker på at Norge har hatt forbud mot å fôre drøvtyggere med kjøttbeinmel fra drøvtyggere i mange år. Dessuten blir kraftfôret varmet opp til 138 grader i Norge. Ved denne temperaturen blir prionene som forårsaker kugalskap uskadeliggjort.

Omfanget av kugalskap-epidemien i Storbritannia er blant annet forklart ved at temperaturen ble senket i kraftfôrproduksjonen.

Landbruksminister Bjarne Håkon Hanssen gjorde det i forrige uke klart at staten skal ta på seg de merutgiftene kugalskapkontroll av storfeslakt medfører. Men noe av kostnadene vil også føre til økte kjøttpriser.

Det er enda ikke klart hvor stort omfang kontrollen skal ha.

- Det er ikke urimelig at forbrukerne tar sin del av kostnadene for trygg mat, sa Hanssen til NTB da han møtte representanter for forbruker- og miljøorganisasjoner for å drøfte tiltakene i forrige uke.

EØS hindrer forbud Hanssen har tidligere signalisert at den norske kontrollen skal være like omfattende som EU-kontrollen, det vil si at alt storfe eldre enn 30 måneder som slaktes, skal testes for kugalskap. Men det er ennå ikke avgjort.

- Det vil bidra null og niks til sikkerhet å ha så omfattende kontroll i Norge, sier Skjerve.

Han kan ikke forstå at ikke Norge kan innføre et midlertidig importforbud av storfe og storfekjøtt, når EU-landene Italia og Spania har gjort det.

Kravet om importforbud ble også fremmet av Senterpartiet fredag. Landbruksministeren svarte med å henvise til EØS.

- Det er klart at et parti som er i mot EØS-avtalen ikke trenger å ta hensyn til avtalen, men vi som er for den må gjøre det, sa Hanssen til Aftenposten. " ______________________________________________________________________________ Vous avez un site perso ? 2 millions de francs à gagner sur i(france) ! Webmasters : ZE CONCOURS ! http://www.ifrance.com/_reloc/concours.emailif



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:34 MET